Skriftlig spørsmål fra Freddy André Øvstegård (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2360 (2017-2018)
Innlevert: 26.09.2018
Sendt: 27.09.2018
Besvart: 04.10.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Freddy André Øvstegård (SV)

Spørsmål

Freddy André Øvstegård (SV): Hva vil kostnaden være ved 5 dagers postombæring i spredtbygde strøk, spredtbygde strøk betegnes da som de områdene som Kvikkas i dag distribuerer avis til på lørdager, og 1 dags ombæring i tettbygde strøk dersom man anslår dette til å utgjøre kun 15 % av befolkningen?

Begrunnelse

I utredningen fra Copenhagen Economics fremgår det at 33 % av befolkningen bor i spredtbygde strøk og dette danner grunnlaget for beregningene av fremtidige distribusjonskostnader. I utredningen legges det også opp til 2,5 dager i sentrale strøk og 5 dager i spredtbygde strøk. Hele 85 % av befolkningen bor i dag i områder der det er avisbud og der det med stor sannsynlighet også finnes andre aktører for distribusjon av pakker. Dette innebærer at det kun er 15 % av befolkningen som har et behov for daglig postombæring dersom man hadde foreslått en ordning med 1 dags ombæring i tettbygde strøk, og 5 dagers ombæring i spredtbygde strøk.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Brevvolumet er redusert med 60 prosent sidan år 2000 og ei ny halvering er forventa mellom 2017 og 2025. Det har skjedd ein digital revolusjon som endrar måten vi kommuniserer med kvarandre på fundamentalt. Folk flest, næringsliv og det offentlege sender stadig mindre papirpost, men kommuniserer raskare og meir effektivt digitalt. Omstillingane i postsektoren dei siste 15 åra, på tvers av ulike regjeringar, er derfor ikkje eit resultat av eit politisk ønske om å byggje ned tilbodet, men av at folk vel vekk det tilbodet som er der. Utan omstilling vil vi då bruke stadig meir statlege pengar på tenester stadig færre bruker. Det er pengar som kan gå til andre, viktige formål.
Når det er sagt, er det Regjeringa sitt mål å sørgje for eit tilbod om gode og likeverdige leveringspliktige posttenester i heile landet, også i framtida. Vi skal sørgje for at folk får eit slikt tilbod, men vi er nøydde til å vurdere kva omfang og kor mykje statlege pengar vi skal bruke, når behovet har falle så mykje som fallet i brevvolumet viser at det har.
Den vurderinga held vi på med no. Utgreiinga som representanten viser til gjekk gjennom fire ulike alternativ for framtidig tenestetilbod. I høyringa bad vi om innspel på alle desse alternativa. Vi fekk over 200 høyringssvar som vi må vurdere. Difor tar vurderinga tid, men vi tek sikte på å legge fram eit forslag for Stortinget før jul.
Når det gjeld alternativet representanten viser til, med éin dag med omdeling i tettbygde strok og fem dagar i distriktsområde, så har ikkje departementet kvalitetssikra tal på dette. Det er fleire grunnar til det. For det første er det ikkje eit av alternativa som Copenhagen Economics greidde ut. Vidare er den geografiske inndelinga av landet som blei nytta i Copenhagen Economics si utgreiing annleis enn den representanten viser til. Det er også vanskeleg å setje saman tall frå dei ulike alternativa som blei greia ut, fordi det vil innebere operative løysingar hos Posten Norge AS som ikkje er definerte og som ikkje har inngått i dei ulike utrekningane. Det ville vere for stor usikkerheit knytt til slike tal med bakgrunn i det materialet som føreligg på noverande tidspunkt.
Ein kan derimot lage eit anslag basert på noverande kontrakt om omdeling av laurdagsaviser, som dekkjer område utan avisbodnett. Det kostar staten om lag 90 millionar kroner i året å kjøpe avisomdeling på laurdagar på stader utan avisbod. Dersom staten, i eit tilfelle der Posten berre delte ut post ein dag i veka, skulle kjøpe avisomdeling dei fire andre dagane, kan dette grovt estimerast til 360 millionar kroner, altså 90 mill. kr til avisomdeling for kvar av dei fire dagane. Departementet understreker at det er stor usikkerheit knytt til eit slikt grovt anslag.
I tillegg til kostnaden for omdeling av aviser vil det vere behov for kjøp frå Posten av grunnleggande banktenester i landpostnettet og gratis framsending av blindeskriftsendingar, som i 2018 er på totalt om lag 30 mill. kr.
Til slutt viser eg til at avisbransjen har gitt innspel til høyringa. Det har vore møter på både politisk og administrativt nivå med avisbransjen. Vi tek med oss innspela deira i våre vurderingar, og vil kome attende til Stortinget med eit forslag til korleis dette bør handterast i åra som kjem.