Skriftlig spørsmål fra Arne Nævra (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2375 (2017-2018)
Innlevert: 28.09.2018
Sendt: 28.09.2018
Besvart: 10.10.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Arne Nævra (SV)

Spørsmål

Arne Nævra (SV): Hvilke andre, offentlige og private, samfunnsaktører vil bli påført merkostnader ved gjennomføring av Samferdselsdepartementets forslag til redusert postombæring, hva vil kostnadene være for disse samfunnsaktørene dersom de må organisere egne løsninger for distribusjon og hvilke konkrete avbøtende tiltak ser samferdselsministeren for seg?

Begrunnelse

Departementet skriver i høringsnotatet at de i forslaget ikke legger opp til at det innføres særskilte kompenserende tiltak gjennom postlovgivningen, blant annet fordi de mener det finnes kommersielle tilbud som vil kunne sikre et bedre servicenivå, men at det kan vurderes mer målrettede kompenserende tiltak innenfor enkelte sektorområder (side 11, punkt 3.1.). Spesifikt nevnes behovet for ombæring av aviser, biologiske preparater og medisiner, men hvor departementet konkluderer med at det er behov for avbøtende tiltak utover en mulig utvidelse av fraktrefusjonsordningen til ombæring av medisiner. Høringsuttalelsen fra flere aktører argumenterer for at det likevel vil være store konsekvenser for flere bransjer, og at disse konsekvensene er svært mangelfullt dekket i notatet fra departementet. Statsråden bes særlig se på apoteknæringen, veterinærnæringen, helsesektoren og mediebransjen.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Brevvolumet er redusert med 60 prosent sidan år 2000 og ei ny halvering er forventa fram til 2025. Den digitale revolusjonen har endra måten vi kommuniserer på fullstendig. Folk flest, næringsliv og det offentlege sender stadig mindre papirpost, men kommuniserer raskare og meir effektivt digitalt. Omstillinga i postsektoren dei siste 20 åra, på tvers av ulike regjeringar, er derfor ikkje eit resultat av eit politisk ønske om å byggje ned tilbodet, men at folk vel vekk det tilbodet som er der. Utan omstilling vil vi bruke stadig fleire statlege pengar på tenester stadig færre bruker. Det er pengar som kan gå til andre, viktige formål.
Når det er sagt, er det Regjeringa sitt mål å sørge for eit tilbod om gode og likeverdige leveringspliktige posttenester i heile landet, også i framtida. Vi skal sørge for at folk får eit godt tilbod, men vi kan ikkje halde fram med å betale Posten for å køyre rundt med halvtomme postbiler.
I spørsmålet frå representanten Nævra blir det nemnt fleire sektorar som kan råkast av ei omlegging til postomdeling annenkvar dag.
Alle med postkasse blir råka slik at brev levert i postkassa i snitt vil ta ein halv dag lengre tid i postgangen. Om den auka framsendingstida vil føre til meirkostnader for mottakarane, avheng først og fremst av innhaldet i sendingane, men departementet meiner ei slik avgrensa forseinking har svært liten effekt for nesten alle sendingar.
Av dei sektorane som er trekte fram som særleg råka i høyringssvara, er innsamling ein kritisk faktor for nokre av dei. For biologiske prøvar til medisinske laboratorium og veterinærlaboratorium kan innsamlinga av prøvene bli råka om dei blir samla inn av postboda ute i postbodrutene. Dei aller fleste slike prøver blir sende frå Post i Butikk der det framleis vil bli dagleg innsamling av postsendingar. Sykehusinnkjøp HF kjøper òg ekspressending av biologiske preparat frå legekontora. For biologiske prøver som blir tatt heime, vil det kunne bety at halvparten av prøvane som blir samla inn i bodrutene vert forseinka med ein dag eller at prøvetakaren må postlegge prøven ved Post i Butikk. Mindre enn fem prosent av alle postsendingar blir i dag samla inn i bodrutene.
Næringslivskundar som ønsker post kvar dag vil måtte leige postboks. Kostnaden for å leige postboks er mellom 1130 og 1770 kroner per år, og mange av dei kundane som treng postboks har allereie leigd. For alle laboratorium som er kritisk avhengige av at prøvane kjem raskt fram, er det særleg viktig å ha ei postboksadresse, noko mange av dei allereie har.
I høyringsnotatet er handsaminga av førehandsrøyster trekt fram som ei mogleg utfordring. Siste helga før valdagen er det difor viktig at røystene vert postlagde i innsamlingspostkasser som vert tømt dagleg. Sidan valstyrene er dei einaste mottakarane av førehandsrøyster er det og viktig at dei har ei postboksadresse slik at røystene kjem til valstyra innan fristen i vallova. Mange av valstyra har allereie ei postboksadresse. Vidare viser eg til oppmodingsvedtak 80 som Stortinget vedtok ved handsaminga av Meld. St. 31 (2015-2016) Postsektoren i endring. Endringane som følgde etter Stortingets handsaming av meldinga vil først kunne ha effekt på framsending av førehandsstemmer ved valet hausten 2019. Det er dialog mellom Samferdselsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet om dette, og eg vil kome tilbake til saka våren 2019.
Når det gjeld medisinar, kjem det an på kva grad av hast ei sending har om den kan seiast å bli råka av den foreslåtte endringa. Reseptbelagde medisinar blir heller ikkje i dag utlevert i postkassane, men må utleverast i Post i Butikk eller bestillast heim på døra. Medisinsk forbruksmateriell havnar i postkassene og blir forseinka med ein halv dag i snitt, men er ikkje tidskritisk på same måte som medisinar.
Apoteknæringa har trekt fram leveringsplikta i apotekbransjen, det vil seie å kunne skaffe alle medisinar til alle apotek innan 24 timar. Denne plikta må uansett oppfyllast på annan måte enn med leveringspliktige posttenester som tek minst to dagar å sende. Når det gjeld fraktrefusjonsordninga, er dette ei ordning som berre gjeld livsviktige medisinar som heller ikkje blir sendt i den ordinære brevstraumen. Dei medisinane som er omfatta av ordninga blir difor ikkje råka av redusert tal på omdelingsdagar.
Når det gjeld avisbransjen er eg i tett dialog med Kulturdepartementet. Avisbransjen har gitt innspel til høyringa. Det har òg vore møter på både politisk og administrativt nivå med bransjen etter høyringsrunden. Vi tek med oss innspela deira i våre vurderingar, og vil kome attende til Stortinget med eit forslag til korleis dette bør handterast i åra som kjem.