Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1 (2018-2019)
Innlevert: 01.10.2018
Sendt: 01.10.2018
Besvart: 05.10.2018 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Vil statsråden ta initiativ til at NSM opptrer ut frå Stortingets vedtak og innspela som blei gjeve då proposisjon 116 L (2016-2017), jfr. innstilling 419 L (2016-2017) vart handsama?

Begrunnelse

Generaladvokaten sine innspel i prop. 116 L (2016-2017) seier tydeleg at det å offentleggjere ei slik liste ikkje kan vera i Forsvaret eller staten si interesse, eller i tråd med føremålet med lova. Han meinte at ei slik liste kunne vera avslørande, og at slik informasjon i seg sjølv ville vera sikkerheitsgradert informasjon.
I CYFOR sine innspel, i samband med handsaminga, var det tydeleg at også dei var kritisk til at det skulle utarbeidast ei forskrift med tydeleggjering av objekt og område. Dette sidan det ville kunne gje framande makter ei prioriteringsliste.
Heimevernet sa i sine innspel at dei, i likskap med CYFOR, ikkje tilrådde ei offentleg liste og at objekta heller burde merkast med skilt.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Eg syner til brev frå Stortingets president av 1. oktober 2018 med vedlagt spørsmål til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete, om eg vil ta initiativ til at Nasjonalt tryggingsorgan opptrer ut frå Stortingets vedtak og innspela som blei gjevne då proposisjon 116 L (2016-2017), jf. innstilling 419 L (2016-2017) blei behandla.
Ny teknologi utfordrer tryggleiken rundt sensitive objekt og område. Den teknologiske utviklinga og utviklinga i samfunnet synte eit behov for endring av lova og forskrifta. Lovproposisjonen var eit svar på denne utfordringa.
Lova og forskrifta har vore gjennom ein grundig prosess med ei brei allmenn høyring. Lovproposisjonen gjer greie for ulike syn frå høyringsinstansane, deriblant vurderingar frå Generaladvokaten, Cyberforsvaret og Heimevernet. I lovproposisjonen har departementet gjort ei grundig og samla vurdering av alle innspel og kome til at forbodet på ein god måte balanserer behovet for skjerming av informasjon om enkelte område og objekt, og behova samfunnet har for tilgang til informasjon. Departementet har også lagt vekt på at tunge høyringsinstansar som Etterretningstenesta, Politiets tryggingsteneste og Nasjonalt tryggingsorgan ikkje har hatt substansielle innvendingar mot publisering av forbodsområde. Regelverket gir tilstrekkeleg handlingsrom til å unngå publisering når tryggleiksomsyn krev det.
Stortinget har blitt informert om dei vurderingane departementet har gjort. I den samanhengen blir det vist til komiteen si innstilling, der det står:

«Videre kommer Generaladvokaten, Cyberforsvaret, Forsvarets sikkerhetsavdeling og Heimevernet med en rekke innvendinger mot høringsutkastet.
Komiteen har merket seg at departementet i det endelige lovforslaget og merknadene til dette har foretatt presiseringer og har imøtekommet de fleste innvendingene mot forslaget. Komiteen slutter seg på denne bakgrunn til forslaget.»

Eit samrøystes Storting har vedteke lova på bakgrunn av innstillinga frå utanriks- og forsvarskomiteen. Nasjonalt tryggingsorgan opptrer i tråd med det regelverket Stortinget samrøystes har vedteke.