Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:48 (2018-2019)
Innlevert: 04.10.2018
Sendt: 05.10.2018
Besvart: 15.10.2018 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden gjere greie for reknestykket på korleis anbodsutsetjing av verkstadskapasitetar vil spare 317 millionar?

Begrunnelse

Me har motteke innspel på at ein verkstadtime for militær Scania lastevogn utført av Forsvaret kostar 680 kroner, og at eit sivilt tilbod vil koste rundt 1300 kroner per verkstadtime.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Gjennom identifiserte tiltak skal Forsvaret realisere betydelege gevinstar gjennom forbetring og effektivisering. Det gjer vi for å kunne realisere ein bærekraftig og kostnadseffektiv forsvarsstruktur og dermed styrke forsvarsevna. Forsvarsdepartementet har gjennom grunnlagsarbeid knytt til langtidsplanen identifisert at det vil kunne vere mogleg å spare 317 millionar 2018-kroner innanfor vedlikehaldsverksemda i Forsvaret gjennom meir effektiv drift av verksemda.
Gjennom Stortingets behandling av Innst. 62 S (2016–2017) til Prop. 151 S (2015–2016) Kampkraft og bærekraft blei det gjeve tilslutning til at logistikkverksemda i Forsvaret skal effektiviserast og tilpassast styrkestrukturen. Her ble det også gjort greie for at tenester knytt til forsyning, vedlikehald og verksteder i større grad skal baserast på bruk av sivile leverandører der desse har stordriftsfordeler og der dette ikkje er kjernekompetanse i forsvarssektoren. Dette gir fordelar som effektiv nytting av ressursane, auka reaksjonsevne og fleksibilitet, større operativt handlingsrom, forbetra uthald og auka operativ tilgjenge.
Forsvarsdepartementet styrar forsvarssjefen på eit overordna nivå om å gjere innsparingar på om lag 1,4 milliardar kroner 2017-kronar som skal nåast i løpet av 2020, men ikkje i detalj korleis innsparingane gjerast.
Forsvaret har utarbeidd ein plan for korleis vedlikehaldsverksemda skal effektiviseras. I Prop. 1 S (2018–2019) er det gjort greie for korleis Forsvaret planlegger å forbetre og effektivisere vedlikehaldsverksemda i Forsvaret. Mellom anna vil ein sjå på organisering og intern drift, og det vil etablerast strategisk samarbeid med forsvarsindustrien. Detaljane i korleis Forsvaret planlegger å realisere gevinstane er ikkje motteke i departementet.
Eg har tru på at det vil vere mogleg å gjere innsparingar i vedlikehaldsverksemda i Forsvaret gjennom meir effektiv drift. Dette støttast i både interne og eksterne analysar som er gjennomført. Vedlikehaldet må tilpassas til den operative verksemda og vil nytte forsvarsindustrien der det er mogeleg og kosteffektivt.