Svar
Jon Georg Dale: Først og fremst er ulukkene som hende i sommar tragiske, og tankane mine går til dei etterlatne som har mista nokon dei er glad i. Slike hendingar skakar oss alle og det er viktig at vi lærer om årsakene til ulukkene for å unngå at slikt skjer igjen.
Før ein vurderer eventuelle nye tiltak for å unngå nye ulukker med vasskuter, må ein sjå på kva som er årsakene til ulukkene. I dag har vi lite kunnskap om dette. Regjeringa har styrka Statens havarikommisjon for transport (SHT), slik at dei i 2018 kan gjennomføre omfattande kartlegging av alle dødsulukker med fritidsbåt, også ulukker med vasskuter. SHT sin rapport er venta levert våren 2019. Basert på oppdatert kunnskap, deriblant denne rapporten, vil Kystverket greie ut tiltak innan sitt eige ansvarsområde for å styrke tryggleiken for fritidsfartøy. Vidare vil Kystverket arbeide for å gjere lokale fartsforskrifter tilgjengeleg for brukarane, mellom anna ved å sørge for nødvendig støtte og rettleiing til kommunane om den digitale kartløysinga som de lokale forskriftene blir lagt inn i.
Det er viktig å hugsa på at det allereie i dag er strenge reguleringar for vasskuter og andre fritidsbåtar.
Kommunane har myndigheit til å gi lokale forskrifter som regulerer bruk av vasskuter i eige sjøområde. Slik heimel finst i mellom anna lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann (havne- og farvannsloven). Etter at regelverket blei endra i 2017, er det ikkje lenger naudsynt for kommunane å få godkjenning frå Kystverket for at forskrifter om fritidsfartøy skal gjelde. Eit viktig premiss for reguleringa er at ho må vere rimeleg samanlikna med byrdene som brukargruppa vert påført, og kommunane kan berre regulere bruk av ulike typar fritidsfartøy særskild gjennom lokale forskrifter dersom det er heilt naudsynt for å vareta omsynet til trygg ferdsel, forsvarleg forvalting av farvatnet, miljø eller friluftsliv. Kystverket har ikkje ei fullstendig oversikt over kor mange kommunar som har fastsett slike forskrifter. Eg er likefullt kjend med at det er fastsette forskrifter i medhald av hamne- og farvasslova som inneheld reglar om vasskuter i Oslo, Larvik, Fredrikstad og Hvaler, Namsos, Vikna, Tromsø, Holmestrand, Sande, Hitra og Kristiansand kommunar. Det er også verd å merke seg at uavhengig av om kommunen har innført slike forskrifter, gjeld reglar om aktsam ferdsel, avstand til badande, reglar om fart, krav om båtførarbevis og flytevest, for førarar av vanleg fritidsbåt så vel som for førarar av vasskuter.