Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Eg viser til svar på spørsmålet mitt med nr. 54.
Kan statsråden avklare om ho verkeleg meiner at Finanstilsynet ikkje har ansvaret for tryggleiken på ein norsk børs så lenge børsen nyttar ein oppgjerssentral som er lokalisert i utlandet, og kan ho oppklåre kven som eventuelt har ansvaret for tryggleiken på norske børsar som nyttar utanlandske oppgjerssentralar når Finanstilsynet og ho sjølv etter statsråden sitt syn ser ut til å gå fri frå slikt ansvar?
Begrunnelse
I svaret sitt på spørsmålet mitt med nr. 54 listar statsråden opp faktum som ho veit eg er godt kjent med frå før. Ho gjer også noko oppsiktsvekkande: Ho reduserer saka der det oppstod store udekte tap ved ein norsk børs til ei sak som handlar om «mislighold av marginkrav hos den sentrale motparten Nasdaq Clearing AB» - eller på godt norsk: det faktum at ein kjent kraftspekulant ikkje kunne betale inn nok pengar til Nasdaq 10. september. Det kunne vore freistande å spørje ministeren om ho verkeleg meiner at det ikkje er meir ved saka enn det. Spørsmål eg og sentrale aktørar i norsk finansbransje har stilt oss dei siste vekene er kvifor kraftspekulantsaka kunne skje og kva som kan gjerast for at det ikkje skal kunne skje igjen. For å finne svaret på det må ein løfte blikket noko meir enn det statsråden ser ut til å vere viljug til. Sagt på ein annan måte: Dersom kraftspekulantsaka hadde vore ei bilulukke, så insisterer ministeren på at det heile handlar om å undersøkje kva som skjedde etter samanstøyten. Eg ser gjerne på den knuste støytfangaren og les den svenske Finansinspektionen si vurdering av denne (som statsråden har heilt rett i at er deira oppgåve), men det eg og andre er endå meir interesserte i er korleis ulukka kunne hende. Vi veit at det er brukt svensk støytfangar, som ikkje fungerte. Vi veit også at panseret vart knust inn til dei siste tynne laga. Men kva med det som skjedde før samanstøyten? Var fartsgrensa for høg? Tillet ein for store bilar? Var det for mange bilar på vegen? Og var det eigentleg riktig å tillate at bilen brukte den svenske støytfangaren? Det er det eg og mange lurer på, og som Finanstilsynet og statsråden ikkje ser ut til å vere så interesserte i å undersøkje.
La meg forklåre bakgrunnen for spørsmålet. I svaret sitt til meg gjev statsråden tydeleg uttrykk for at ho meiner kraftspekulantsaka er ei svensk sak som det er eit svensk ansvar å undersøkje sidan oppgjerssentralen ligg der. Vi andre skal ikkje gjere stort anna enn å vente på svar derifrå. Men tapet oppstod faktisk på ein norsk børs. Det statsråden i praksis seier er at så lenge ein norsk børs nyttar ein utanlandsk oppgjerssentral, så toar ho og Finanstilsynet hendene sine. Dette trass i at det er norsk regulering som gjer det mogleg for den norske børsen å bruke ein svensk oppgjerssentral. For investorar på norske børsar må det vere lite tryggande å lese kor lite ansvar norske styresmakter tek for tryggleiken deira.
Eg vil også igjen streke under at det er oppsiktsvekkande at statsråden i lys av ei sak som vert omtala som Noregs Lehman-kollaps og der det er tapt eit milliardbeløp framleis korkje vil ta tak i saka offentleg eller setje i gang arbeid som går særleg ut over å lese svenske rapportar eller vanleg tilsyn. Det er ikkje sikkert det er like enkelt for henne å skulde på svenskane neste gong det smell.