Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Klima- og miljøministeren ynskjer å redusere kjøtforbruket. Samstundes legg regjeringa til rette for aukt import av kjøt (ny artikkel 19-avtale, Mercosur-forhandlingar mv.). Begge desse faktorane tilseier at norsk kjøtproduksjon vil måtte verte redusert.
Kor stor del av norsk kjøtproduksjon og kor mange gardsbruk meiner ministeren det er ynskjeleg å ofre for å oppnå høvesvis redusert kjøtforbruk og aukt frihandel?
Begrunnelse
Mange norske matprodusentar vart uroa då regjeringa gjennom statsbudsjettet skapte tvil rundt framtida til norsk kjøtproduksjon. I etterkant av dette har det kome fram at regjeringa ikkje meiner at alle data som kjem fram i budsjettet reflekterer regjeringa sin politikk på området. Derimot var klima- og miljøministeren ute i Nationen 11. oktober og presiserte at han meiner det er eit mål å få ned kjøtforbruket. I prinsippet kan kjøtforbruket reduserast anten ved å minske produksjonen i Noreg eller ved å minske importen. Å redusere importen er fornuftig for å ivareta matvaretryggleik og stabilitet for norske matprodusentar. Regjeringa ser derimot ut til å ynskje alt anna enn redusert import. Gjennom ny artikkel 19-avtale, Mercosur-forhandlingar og andre åtgjerder synest det heller som om regjeringa legg til rette for aukt import av kjøt til Noreg. Når ein kombinerer slik aukt import med redusert kjøtforbruk, kan norske matprodusentar vente seg betydeleg redusert etterspurnad. Spørsmålet mitt til ministeren er kor stor del av norsk kjøtproduksjon han meiner bør kuttast bort for å oppnå kvart av regjeringa sine mål redusert kjøtforbruk og aukt frihandel – og kor mange norske gardsbruk som må leggjast ned som fylgje av dette. Eg meiner at når ei så stor og viktig gruppe vert sterkt påverka av ministeren sine mål, så fortener dei at han talfester kva måla vil innebere for dei og norsk matproduksjon.