Hadia Tajik (A): Når korkje ordlyd eller antall seinaborter i tråd med adgangen i § 2 tredje ledd c i abortlova har noko med downs syndom å gjere, kva er då dei faktabaserte årsakene til at statsministeren insisterer på å kalle den for «downs-paragrafen», og kva eksakt er «det diskriminerende elementet» i abortlova § 2 tredje ledd c?
Begrunnelse
Viser til statsministeren sitt intervju i DN 05.11.18 der ho seier at ho vil fjerne «det diskriminerende elementet» i § 2 tredje ledd c i abortlova. Ordlyden i lova er heilt nøytral når det kjem til diagnoser eller tilstander knytta til fosteret, det som står i lova er «alvorlig sykdom». Dette omgrepet omhandler svært mange ulike medisinske tilstander. Vidare står det at sjukdommen er som følge av «arvelige anlegg, sykdom eller skadelige påvirkninger under svangerskapet». Ifølge Medisinsk fødselsregister sin statistikkbank er det gjennomført 305 seinaborter i 2017 i tråd med adgangen i § 2 tredje ledd c i abortlova. Av desse hadde 246 av fostrene ikkje down syndrom, men mellom anna hjartefeil, ryggmargsbrokk, nevralrørsdefekt, og andre alvorlege misdanningar. I medieoppslag-registeret Retriever får ein 56 treff på søk på orda «downsparagrafen», «downs-paragrafen» og «downs paragrafen», der fyrste treff er frå 20.10.18. Med andre ord ser det ikkje ut til å ha vore eit etablert omgrep før no nyleg, i samband med at statsministeren meldte at ho var villig til å gjere endringar i § 2 tredje ledd c i abortlova.