Jenny Klinge (Sp): Har statsråden grunn til å tru at Oslo politidistrikt har kontroll på gjengkriminaliteten? Viss ikkje, kva meiner statsråden må til for at politiet skal få kontroll?
Begrunnelse
Utviklinga av gjengkriminaliteten i Oslo er alvorleg. Eg meiner det er viktig å få klarlagt om politiet har kontroll på situasjonen. Eg spør sjølvsagt ikkje om politiet har kontroll på kvar enkelt kriminell, men om dei handterer situasjonen godt nok til at gjengkriminaliteten ikkje får halde fram med å breie om seg. Målet må jo vera redusere omfanget av denne forma for kriminalitet.