Skriftlig spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til næringsministeren

Dokument nr. 15:389 (2018-2019)
Innlevert: 16.11.2018
Sendt: 16.11.2018
Besvart: 22.11.2018 av næringsminister Torbjørn Røe Isaksen

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Spørsmål

Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Ein kraftspekulant som gjekk på ein milliardsmell i september har sikra seg ein avtale med Statkraft og andre kreditorar som inneber at han framleis vil vere ein svært rik mann. Ein stor del av rekninga vil truleg falle på folk flest i Grimstad kommune.
Trur statsråden at norske skattebetalarar, som eig Statkraft, vil ha forståing for at Statkraft ikkje støtta Agder energi sin motstand mot avtalen?

Begrunnelse

Agder energi er eit pragmatisk kraftselskap. Dei har vore tydelege på at dei ynskjer ein avtale med den kjente kraftmilliardæren for å sikre at verdiane hans kan realiserast til høgst mogleg verdi. Derimot har selskapet openbert også eit syn for rettferd og for kva som er rimeleg. Agder energi gjekk difor imot den gullkanta avtalen som Statkraft og andre no pressa gjennom for kraftspekulanten. Agder energi meinte det ville vere mogleg å få til ein avtale der kraftspekulanten ville sitje igjen med mindre verdiar, der Grimstad kommune og skattebetalarane ville kome betre ut og der andre vilkår ville vore rimelegare. Etter kva som no har kome fram i media, vil kraftspekulanten sitje igjen med ein eigedom i Grimstad som det har vore spekulert i om kan vere verdt rundt 100 mill. kroner. I tillegg skal han behalde bil og båt, og han vil også få ein prosentdel av eigedelar som vert selt. Men mykje i avtalen er endå ikkje kjent – avtalen er nemleg i utgangspunktet hemmeleg. Det er likevel liten tvil om at kraftspekulanten vil vere ein svært rik mann – dels på vanlege folk sin kostnad. Statsråden vert beden om å kommentere dette, gjere greie for bakgrunnen for at Statkraft i motsetnad til Agder energi støtta heilhjarta opp om denne avtalen og gjere til kjenne om han personleg støttar eller ikkje støttar at Statkraft kjempa fram ein betre avtale for kraftspekulanten enn den Agder energi ynskte.
Det siste er eit enkelt spørsmål som statsråden må kunne svare «ja» eller «nei» på, dvs. avklare om han støttar Agder energi eller Statkraft si tilnærming til saka.

Torbjørn Røe Isaksen (H)

Svar

Torbjørn Røe Isaksen: Det går fram av eigarmeldinga, jf. Meld. St. 27 (2013-2014), at Statkraft er eit føretak som skal drivast på forretningsmesige vilkår. Det går også fram at det er styret og leiinga i føretaket som har ansvaret for kommersielle avgjerder og driftsmessige problemstillingar.
Dette inneber mellom anna at staten som eigar ikkje er involvert i operative forhold i selskapa, eller deira dotterselskap eller tilknytta selskap, der staten har eigarinteresser, som til dømes Statkraft si involvering, vurdering og handsaming av saka det visast til i spørsmålet.
Som eigar har regjeringa klare forventingar til selskapa med statleg eigarskap på område som kan bidra til å nå målet med eigarskapet. Regjeringa forventar mellom anna at selskapa aktivt følgjer og er med på å utvikle god forretningsskikk på dei områda som er relevante for verksemda. Staten sine forventingar, mellom anna dei som gjeld selskapet sitt samfunnsansvar, følgjast opp med det enkelte selskapet i eigardialogen.
La meg til slutt vise til at eit breitt fleirtall på Stortinget gjentakande gonger har slutta seg til rammene for utøvinga av det statlege eierskapet. Senterpartiet har også tidlegare understreka viktigheita av desse rammene. Eg undrer meg derfor litt over grunngjevinga av spørsmålet, som kan tyde på at representanten Gjelsvik går i retning av å meine at næringsministeren skal gå ut over dei rammene som Stortinget sjølv har satt for den statlege eierskapspolitikken.