Skriftlig spørsmål fra Arild Grande (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:568 (2018-2019)
Innlevert: 11.12.2018
Sendt: 11.12.2018
Rette vedkommende: Samferdselsministeren
Besvart: 20.12.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Arild Grande (A)

Spørsmål

Arild Grande (A): Vil statsråden ta initiativ overfor underliggende etater for å sikre at ILOs konvensjon 87 og 98 er ivaretatt i offentlige byggeprosjekter?

Begrunnelse

I Klassekampen tirsdag 11. desember uttaler Statens Vegvesen:

«Desse tema er oppe til vurdering kontinuerleg. Om me får føringar frå politisk leiing følger me sjølvsagt dei».

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Arbeids- og sosialministeren har sendt over spørsmålet til samferdselsministeren som riktig adressat.
Eg vil vise til at ratifiserte ILO-konvensjonar er innarbeidde i nasjonalt regelverk som for eksempel innkjøpsregelverket, arbeidsmiljølova, forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar og arbeidstvistlova. Krava i Statens vegvesens kontraktar viser til og er i tråd med nasjonalt regelverk.
Det nasjonale regelverket regulerer mellom anna rettar og plikter for partane i arbeidslivet. Her blir mellom anna retten til å organisere seg og retten til å kunne fremje krav om forhandlingar med sikte på å inngå eller revidere tariffavtale regulert.
Statens vegvesen er byggherre, og er såleis ikkje å sjå på som ein av «partane i arbeidslivet» i denne samanhengen. Etaten pålegg sine kontraktspartar lønns- og arbeidsvilkår som ikkje er i strid med landsdekkande eller allmenngjorde tariffar.