Skriftlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:595 (2018-2019)
Innlevert: 14.12.2018
Sendt: 14.12.2018
Besvart: 20.12.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Riksveg 5 Førde-Florø er sterkt traffikert, og det er overhengande rasfare på strekninga. Arbeidarpartiet vil omprioritere midlane frå E 39 Våtedalen, til RV 5 Førde-Florø. Frå fleire hald bla frilandsjournalist Ole Jacob Huus vert det vist til at Vegvesenet, region vest seier at rassikringsmidlar ikkje kan nyttast til å forebygge ras "frå skjæring", kun der det er ras frå terreng. Dette finn AP sterkt urimeleg.
Kva vil statsråden gjere for å rydde opp,og sikre at rassikringsmidlane kan brukast på dei farligaste vegane ?

Begrunnelse

Arbeidarpartiet ønska å omprioritere rassikringsmidlar frå E39 i Våtedalen til RV 5 Førde-Florø, der rasfaren og faren for personskade er mykje større. Vi vart ståande åleine om dette forslaget i nasjonal Transportplan. Frå fleire hald bla frilandsjournalist Ole Jacob Huus, så vert det vist til at årsaken til at midlane ikkje er komne på rv 5 Førde-Florø er at rassikringsmidlane kun kan brukast der det er fare for ras frå terreng. Dette kom fram bla i eit intervju med sjefsingeniør Guro Dyngen i Statens vegvesen. I same intervjuet er det også sitat på at rasmidlane uansett ikkje kan brukast til tunellbygging. Dei er øyremerkte til førebygging av ras frå terreng. Tunellbygging må gå frå investeringsmidlane. Arbeidarpartiet er klare på at rassikringsmidlane må kunne brukast på dei farligaste vegane uavhengig om raset kjem frå naturlig terreng eller ikkje. Det er like farlig å bli treft frå ein stein som kjem ned langs fjellsida der det er gjort inngrep som skjeringer, som å bli treft av steinras der det ikkje er gjort slike inngrep. Ein kan ikkje basere seg på flaks lenger, men ta på alvor utryggheita som folk og næringsliv føler på kvar einaste dag når dei køyrer mellom Førde og Florø. To raspunkt mellom Førde og Florø har 5,5 og 5,3 i skredfare, og Ådt på Naustdalsneset viser 4900. I Våtedalen vert det sagt ÅTD på 2200, og langt lågare skredfare.Difor meinar AP midlane bør omprioriterast.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg har vore i kontakt med Statens vegvesen om saka. I følgje vegvesenet har begge desse strekningane skredutsette punkt med høg faregrad. På E39 i Våtedalen er hovudproblemet snøskred som kjem i stor fart, og som har ført til at store køyretøy har blåst av vegen. På rv. 5 mellom Førde og Florø er hovudproblemet steinsprang, delvis frå skjeringar og delvis frå terrenget over vegen. Følgjeleg er det ikkje noko til hinder for å bruke skredsikringsmidlar på denne strekninga.
I Nasjonal transportplan 2018-2029 er skredsikring av E39 i Våtedalen prioritert i siste seksårsperiode (2024-2029). I Nasjonal transportplan 2018-2029 er det også prioritert 500 mill. kr til mindre skredsikringstiltak, av dette 250 mill. kr i første seksårsperiode. Statens vegvesen har meldt at dei i sine interne planar har lagt opp til å gjennomføre tiltak på dei mest skredutsette punkta på rv. 5 mellom Førde og Florø, dvs. Bjørnestunnelen vest, Skredvika og Leversundet. Ved Leversundet er det alt gjennomført tiltak.
Arbeidet med kommunedelplan for E39 i Våtedalen startar opp i 2019. På grunn av den høge skredfaren vil også arbeidet med kommunedelplan for rv. 5 mellom Førde og Naustdal starte opp i 2019. Målet er dermed at det skal liggje føre tilstrekkeleg planavklaring til at begge strekningane kan vere aktuelle for prioritering i neste seksårsperiode av NTP (2022-2027).
Når det gjeld den konkrete prioriteringa mellom strekningane vil eg altså kome tilbake til dette, men eg har merka meg dei synspunkta som er kome fram.