Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:626 (2018-2019) Innlevert: 18.12.2018 Sendt: 19.12.2018 Besvart: 04.01.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Siv Mossleth (Sp): Flyrutene er nesten halvert på Helgeland, og det er ikke bra for næringslivet. Det merker blant annet petroleumsnæringen, som sier at det gjør at en del aktivitet legges bort fra Helgeland. Eksempelvis mannskapsbytter på båt etc. Flyrutene er også en utfordring med tanke på gods.Hva vil ministeren gjøre for å endre de siste års negative utvikling av flyrutene på Helgeland?
Jon Georg Dale: Luftfarten er viktig for Noreg, og det er avgjerande at alle delar av landet har eit tilfredsstillande flyrutetilbod. Gjennom statleg kjøp av lufttransporttenester på ruter som ikkje er bedriftsøkonomisk lønsame, bidreg vi til at det skjer. Ordninga med forplikting til offentleg tenesteyting (FOT) er eit unntak frå hovudregelen om fri marknadstilgang til flyruter i Noreg og mellom Noreg og EØS-land. I dette skal vi kombinere god bruk av skattebetalarane sine pengar med effektiv flyrutedrift og eit godt transporttilbod for dei reisande. Flyselskapet som vinn ei FOT-rute, har gjennom nettokontraktar som inneber at flyselskapet beheld alle inntekter, insentiv til å innrette tilbodet slik at dei oppnår flest mogleg reisande. Widerøe, som flyg på Helgeland, vil difor ha økonomisk interesse av å innrette flyrutene i tråd med lokal etterspurnad, men dei må samstundes innfri minimumskrava som ligg til grunn i kontrakten. Krava til rutene på Helgeland er basert på dei same objektive kriteria som for resten av FOT-rutene i Noreg. Dette sikrar likebehandling av alle rutene som inngår i det statlege kjøpet av lufttransporttenester. Innanfor ramma av krava i kontrakten har operatøren fleksibilitet til å gjere marknadstilpassingar i rutetilbodet. Ein av grunnane til at Widerøe har redusert frekvensen på avgangane samanlikna med tidlegare, er at dei nyttar ein flytype med fleire seter på Brønnøysund og Sandnessjøen. Dette er mogleg fordi desse flyplassane har lange rullebaner, i motsetnad til dei fleste andre lufthamner med FOT-ruter. Når Widerøe nyttar større fly, fører det til at fleire passasjerar får plass på populære avgangar morgon og kveld, i tillegg til at ein får fleire direkteruter. Samstundes ser vi at belegget har auka på Helgeland samanlikna med dei to føregåande åra, og Widerøe får dermed utnytta flya sine betre. For Brønnøysund, som har mykje petroleumsrelatert trafikk, har det hittil i år vore ein vekst i passasjerar på 5,4 prosent ifølgje statistikken til Avinor. Dersom etterspurnaden aukar, vil det kunne gje insentiv for Widerøe til å auke tilbodet på Helgeland. Eg vil difor oppmode dei lokale styresmaktene på Helgeland til å arbeide tett med Widerøe for å synleggjere udekt potensiale for fleire reisande, som kan utløysast gjennom forbetringar i tilbodet.