Skriftlig spørsmål fra Ruth Grung (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:696 (2018-2019)
Innlevert: 09.01.2019
Sendt: 09.01.2019
Besvart: 18.01.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Ruth Grung (A)

Spørsmål

Ruth Grung (A): E39 er hovedveien på Vestlandet. Halhjem-Sandvikvåg er landets tredje største fergesamband. Ved nyttår overtok Torghatten Nord ansvaret for sambandet, men hverken de nye fergene eller den landbaserte ladeløsningen er ferdigbygd. Resultatet er en rekke kanselleringer og uforutsigbarhet. Det antydes at det vil ta måneder å klassifisere de nye fergene etter at de er ferdigbygd.
Hva gjør ministeren for å sikre fergedriften og er kravene i kontrakten tydelige nok for å forhindre en så kritisk overgang?

Begrunnelse


Det antydes at det stilles krav i kontrakten til Torghatten Nord om å ha reserveferge klar senest 6 mnd. før de overtok sambandet. Men i kontrakten står det at reservefergen er en av de fire nye fergene som er under bygging. Her har staten hatt mulighet til å gripe inn tidligere.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Konkurranse om drift av riksvegferjesambandet E39 Halhjem-Sandvikvåg vart kunngjort i DOFFIN 29. februar 2016.Tilboda vart innleverte 16. august 2016 og kontrakt vart inngått 1. november 2016. Dette har gitt Torghatten Nord AS om lag to år i byggetid for nye ferjer, noko som Vegdirektoratet betraktar som tilstrekkeleg tid.
Det er i kontrakten sett krav til fire hovudferjer og ei reserveferje frå 1. januar 2019, og fem hovudferjer og ei reserveferje frå 1. januar 2020. Krava i kontrakten er at ferjene (hovudferjer og reserveferje) skal vere klare til oppstart, men at reserveferjer skal identifiserast seks månader før oppstart. Torghatten Nord AS har lagt opp til at reserveferja i 2019 skal vere den femte hovudferja frå 1. januar 2020.
Dei nye fartøya skulle etter framdriftsplanen vore ferdigstilte og leverte hausten 2018, dvs. i god tid før oppstart. Denne framdriftsplanen har dessverre vist seg å ikkje halde. Torghatten Nord AS har opplyst at forseinkinga skuldast leveranseutfordringar frå verft både i Norge og Tyrkia.
Fram til dei nye fartøya er på plass blir sambandet drifta av fire innleigde ferjer som fungerer som hovudferjer, og ei innleigd reserveferje. Statens vegvesen har i kontraktsoppfølginga med Torghatten Nord AS lagt vekt på kontraktsmessig leveranse og at midlertidig materiell i så stor grad som mogeleg skal tilfredsstille krava i kontrakten. Det materiellet som no blir nytta fram til dei nye hovudferjene blir sette i drift tilfredsstiller krava til transportkapasitet på sambandet. Det er og dårleg ver som har ført til at to av dei fire innleigde ferjene har hatt driftsvanskar, noko som har ført til kanselleringar. Driftsavvik frå planlagt ruteproduksjon vil føre til økonomiske sanksjoner ovanfor Torghatten Nord AS.
Eg har alltid forventingar til at selskap som inngår kontrakt med staten, held seg til avtalen, eg skulle dermed naturlegvis ønskje at det nye materiellet alt var på plass.
I kontrakten er det ikkje krav om at det skal monterast landbasert ladeløysing. Det er bygd landstraumstilkoplingar på kaiene, men det som skal installerast av ladeløysing, er knytt til dei fylkeskommunale ferjene på sambanda Halhjem-Våge og Sandvikvåg-Husavik.
Eg vonar vi så raskt som råd får levert tilbodet i tråd med kontrakta, og Statens vegvesen følger opp dette konkret mot selskapet.