Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til næringsministeren

Dokument nr. 15:705 (2018-2019)
Innlevert: 10.01.2019
Sendt: 10.01.2019
Rette vedkommende: Finansministeren
Besvart: 18.01.2019 av finansminister Siv Jensen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kor mykje vil det nye kravet om arbeidsgjevar si plikt til å mellom anna rapportere inn bruk av bonuspoeng for sine ansatte bety i forvansking for næringslivet?

Begrunnelse

Næringsministeren nyttar ofte store ord og tal om forenklingsarbeidet. Næringsministeren har ikkje vore like interessert i å snakke om kva forvanskinger og nye rapporteringar som næringslivet vert utsett for.

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Regjeringa har arbeida hardt for forenklingar, og har gjennomført mange tiltak som har god effekt for næringslivet. Det er også stor merksemd om forenklingar på skatteområdet, jf. til dømes nye reglar om skattlegging av overtidsmat og fri avis. Finansdepartementet og Skattedirektoratet jobbar òg med eit forenklingsprosjekt for å finna forenklingar i reglane som kan redusere dei administrative byrdane for dei skattepliktige. Sjå omtale av dette prosjektet i Prop. 1 LS (2018-2019) kapittel 24.
Problemstillinga rundt plikta til å rapportere inn ytingar som vert mottekne gjennom tredjepartar, er samansett. Det har alltid vore rapporteringsplikt for skattepliktige ytingar mottekne i arbeidsforhold. Dette har òg omfatta ytingar mottekne gjennom tredjepartar. Men etterlevinga for ytingar mottekne gjennom tredjepartar har vore svak, mykje på grunn av uvisse om det var tredjeparten eller arbeidsgjevar som skulle rapportere. Med dei nye reglane er det no klårt at det er arbeidsgjevar som har plikta, dette gjeld òg når ytinga kjem gjennom tredjepart. Det er med andre ord ikkje snakk om nye plikter, men berre ei avklaring av kven som har dei. Denne klårgjeringa bidreg til å fjerne uvisse, som gjer det enklare å vite kva plikter ein har. Avklaring av dette spørsmålet er etter mi meining svært viktig, og er noko Sivilombodsmannen har etterlyst.
Klårgjeringa av reglane om plikt til å rapportere ytingar som vert mottekne gjennom tredjepart, til dømes bonupoeng, har ikkje frå regjeringa si side vore framstilt som eit forenklingstiltak. Motivasjonen bak denne endringa var snarare å avklare kven som har ansvaret for å rapportere ytingar dei tilsette tek i mot. Dette er òg viktig for å sikre betre etterleving av skatteplikta for slike ytingar. Ettersom etterlevinga tidlegare var svak, er det grunn til å tru at avklaringa gjer at det vert brukt noko meir ressursar til slik rapportering framover. Det er uttrykkeleg sagt i framlegget til Stortinget at handteringa av slike ytingar, kan føre til auka ressursbruk. Sjå Prop. 86 LS (2017-2018) kapittel 2. Samstundes vil betre rapportering frå arbeidsgjevar gjere det enklare for dei tilsette: Når ytinga er tatt med i arbeidsgjevar si rapportering av løn til skattestyresmaktene, slepp dei tilsette å leggje inn slike opplysningar i skattemeldinga.
Eg vil i tillegg peike på at ressursbruken for rapportering av bonuspoeng må sjåast i samanheng med korleis bonusprogramma er sett opp. Det er ofte vanskeleg å halde oversikt over oppteninga og å skilja mellom poeng som er opptent privat og i jobbsamanheng. Det er arbeidsgjevar som er den reelle kunden til reiseselskapet ved kjøp av jobbreiser, og det er difor rimeleg at arbeidsgjevar får fordelen av bonuspoenga, eller at dei vert brukt ved kjøp av nye jobbreiser. Arbeidsgjevar må då kunne forvente at leverandørane av bonusprogram etablerer system som gjer det enklare for arbeidsgjevar å halde oversikt over opptening og bruk.
Likevel har det til no vore få bonusprogram som er sett opp slik at kunden, det vil seie arbeidsgjevar, har kontroll over eigne bonuspoeng. Eg har merka meg at det no er varsla løysingar som kan gjere det enklare for dei tilsette å skilje mellom poeng som er opptent privat og i teneste. Det er eit steg i riktig retning. Men viss dette skal verte enkelt òg for arbeidsgjevar, bør han kunne krevje at han får hand om poenga sjølv.
Eg vil peike på at det i staten ikkje oppstår skatteplikt på bonuspoeng fordi dei tilsette ikkje kan nytte bonuspoeng opptent på tenestereiser i privat samanheng. Innkjøp av varer og tenester på statens rekning skal skje ut frå kva som tener staten – og dermed skattebetalarane – ikkje kva den tilsette kan oppnå av private fordelar. Bonuspoeng opptent ved reiser utgjer store verdiar for staten, men som vi i liten grad har klart å utnytte til lågare reiseutgifter. I framtida vil vi difor sørge for at dei rammeavtalane staten inngår med flyselskap og andre sikrar at alle bonuspoeng tilkjem dei statlege verksemdene, enten ved at dei vert nytta til å finansiere jobbreiser eller ved at dei gjev lågare billettprisar i utgangspunktet.