Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:760 (2018-2019)
Innlevert: 18.01.2019
Sendt: 18.01.2019
Besvart: 28.01.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kor mange utanlandske kjøretøy er haldne attende med bruk av hjullås kvart år sidan dette tiltaket vart innført 1. mai 2015?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Statens vegvesen kan nytte hjullås for å hindre at køyretøy med trafikkfarlege manglar fortsetter å køyre på vegane etter gjennomført kontroll før forholda er retta opp i. Hjullås kan òg nyttas for å sikra at overlastgebyr pålagd utanlandske køyretøy vert oppgjort og for å sikra at utlegg for pålagd berging av køyretøy vert oppgjort. Bruk av hjullås vert nytta uavhengig av nasjonalitet unntatt reglane om sikring av overlastgebyr, der bruken av hjullås bare gjelder utanlandske køyretøy.
Hjullås vart òg i noko grad nytta til å sikra at motorvogn vart halden attande i tilfelle der førar av utanlandsk motorvogn vart meld til politiet for brot på vegtrafikklovgivinga, og då til avgjerd frå politiet ligg føre. Etter at ein dom i EU slo fast at ein ikkje kunne halda tilbake køyretøy tilhøyrande eit føretak for å inndrive fordringar retta mot ein førar, vert ikkje dette lenger handheva. Det er satt i gong arbeid med sikte på å gje heimel for å halde tilbake køyretøy og eventuell bruk av hjullås òg i slike tilfelle.
Bruk av hjullås er ikkje obligatorisk, men styrast av risikovurderingar i kvar sak og skal berre nyttast når det er strengt nødvendig. Statens vegvesen har ikkje data over bruken av hjullås i sitt sentrale statistikksystem.