Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:851 (2018-2019) Innlevert: 30.01.2019 Sendt: 31.01.2019 Besvart: 14.02.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Arne Nævra (SV): I den seinere tid er det blitt avdekket store tekniske mangler med mange utenlandske vogntog som kommer over til Nord-Norge fra Finland. I dag er det slik at norsk personell på kontrollstasjonene inne i Finland bare kan kontrollere og stanse vogntog på vei inn i Norge dersom de ikke har kjettinger eller dekk etter forholdene. Vil statsråden ta initiativ til at norsk personell også kan kontrollere og stanse vogntog med andre feil og mangler enn dekk og kjettinger eller hvis brudd på kabotasjeregelverket?
Jon Georg Dale: Nord-Noreg har hatt store utfordringar med utforkøyringar, fastkøyringar og alvorleg hendingar med vogntog i vinter. Som følgje av dette har Statens vegvesen intensivert kontrollinnsatsen og omlokalisert kontrollressursar til utsette område i regionen. Tollmyndigheitene, som har fått delegert myndigheit til å kontrollere vinterdekk og kjettingar, har òg intensivert slik kontroll ved grensestasjonane i nord.Som stortingsrepresentanten er kjend med, ligg nokre av tollgrensestasjonane i nord på finsk og svensk territorium. Rammene for Tolletaten sitt samarbeid med finske tollmyndigheiter vert regulert av Grensetollsamarbeidsavtalen frå 1968, og samarbeidet med svenske tollmyndigheiter vert regulert av Grensetollsamarbeidsavtalen frå 1959. Etter desse avtalene kan Noreg samarbeide med hhv. Finland og Sverige om tollklarering og tollkontroll av trafikken. Avtalene er primært utforma for kontroll av vareførsel, og omtalar ikkje sekundæroppgåver, som kontroll av vinterutrustning, som tollmyndigheitene forvaltar på vegne av Statens vegvesen. Utgangspunktet er difor at Vegvesenet sine kontrollører ikkje kan utføre nokon form for kontroll åleine på dei tollstasjonane som ikkje ligg i Noreg, då dette vil vere i strid med Grensetollsamarbeidsavtalen. Dei har heller ikkje heimel til å utføre slike kontrollar utanfor norsk territorium etter vegtrafikklova.Som ledd i den auka kontrollinnsatsen har Tolletaten opna for at Statens vegvesen i ei viss utstrekning kan delta under kontroller på andre sida av grensa, under føresetnad om at det er Tolletaten sin lovheimel til kontroll som nyttast, og at kontrollane blir gjennomført under leiing av Tolletaten. Etter vegtrafikkloven § 10 andre ledd gjeld Tolletaten sin myndigheit kontroll av krav til dekkutrustning, krav til å ha med kjettingar, samt plikta til å ha elektronisk betalingseining med gyldig avtale. Samarbeidet mellom Vegvesenet og Tolletaten bidreg til styrka kontrollverksemd. Reglane opnar ikkje for andre typar kontroll enn det som går fram av vegtrafikklova § 10. Slik myndigheit ville dessutan krevje at tollpersonell har særskilt teknisk kompetanse på køyretøy.Eg viser til at utover krav til vinterutrustning er krava til tunge køyretøy i hovudsak like for EU/EØS-landa. Reglane er vidare innretta slik at det i utgangspunktet er ei oppgåve for dei nasjonale styresmaktene å syte for at køyretøy innafor deira grensar, fyller krava etter regelverket. Kontroll av brot på køyre- og kviletidsregelverket står likevel i ei særstilling, då brot som har skjedd på anna territorium kan kontrollerast og straffeforfølgjast i Noreg, jf. også vegtrafikklova § 32. Når det gjeld kontroll av kabotasjereglane vil dette uansett først vere aktuelt etter at køyretøyet har passert norsk grense.Med dette som utgangspunkt vil det viktigaste verkemiddelet vere å arbeide for gode løysingar mellom Statens vegvesen, Tolletaten og finske/svenske kontrollmyndigheiter innanfor gjeldande rammar. Vidare vil regjeringa jobbe for å auka den internasjonale samhandlinga mellom kontrollmyndigheitene i andre EU/EØS-land. Målet er eit auka kontrollfokus på tvers av grensene, for å redusere risikoen for at køyretøy med manglar passerer grensa til Noreg, jf. m.a. revidert strategi for arbeidslivskriminalitet regjeringa la fram 5. februar 2019. Samstundes vil vi fortsette arbeidet nasjonalt med å styrke kontrollinnsatsen for å fange opp den andelen av køyretøya som har manglar etter vegtrafikk- og yrkestransportlovgivinga.