Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:878 (2018-2019)
Innlevert: 01.02.2019
Sendt: 04.02.2019
Besvart: 08.02.2019 av fiskeriminister Harald T. Nesvik

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kva tid vil regjeringa koma til Stortinget med si oppfylgjing av Eidesen-utvalet?

Harald T. Nesvik (FrP)

Svar

Harald T. Nesvik: Eidesen-utvalet la i desember 2016 fram utgreiinga si om kvotesystemet i fiskerinæringa, NOU 2016: 26 Et fremtidsrettet kvotesystem. Regjeringa har sidan arbeidd med å følgje opp utgreiinga, og vil legge fram ei melding om saka for Stortinget. Eidesen-utvalet si utgreiing handlar om nokre av dei mest sentrale føresetnadane for fiskerinæringa. Oppfølginga av utgreiinga er høgt prioritert av meg og i regjeringa. Vi arbeider nå med sikte på at meldinga skal leggast fram for Stortinget i vårsesjonen 2019.