Skriftlig spørsmål fra Sverre Myrli (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:890 (2018-2019)
Innlevert: 05.02.2019
Sendt: 05.02.2019
Besvart: 11.02.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Sverre Myrli (A)

Spørsmål

Sverre Myrli (A): Er norsk samferdselspolitikk nå er blitt helt avhengig av utenlandske selskaper med utenlandske kjøretøy og utenlandske sjåfører med utenlandske lønns- og arbeidsforhold for å fungere, og hvordan vil Samferdselsdepartementet stille seg til søknaden om å leie inn busser og sjåfører fra utlandet for å kjøre buss for tog til sommeren?

Begrunnelse

Forsinkelsene ved Follobanen og vedlikehold ved Drammensbanen fører at togpassasjerene må belage seg på mye buss for tog i sommer. NSB varsler en dobling av buss for tog fra i fjor. Selskapet søkt Samferdselsdepartementet om å få tillatelse til å leie inn busser fra utenlandske selskaper.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: NSB Persontog har i brev til Samferdselsdepartementet datert 20.12.2018 indikert at med det omfanget av stenging av banenettet i samband med vedlikehald som er planlagt for kommande sommar, vil omfanget av buss-for-tog-løysingar neppe kunne bli dekt av norske bussoperatørar fullt ut. NSB meiner at det da kan bli behov for at NSB må leige inn utanlandske bussoperatørar for å sikre eit tilfredsstillande transporttilbod for publikum. Ei slik løysing med kabotasjetransport krev dispensasjon frå departementet.
Etter fast forvaltningspraksis krev ein slik dispensasjon at det er godtgjort at den aktuelle transporten ikkje kan utførast av norske transportører anten fordi norske transportørar ikkje har kapasitet til å ta på seg oppdraget, eller fordi transporten krev spesialutstyr som ikkje er tilgjengeleg hos norske transportørar. Ein eventuell dispensasjon vil difor måtte knytast til den delen av produksjonen som norske transportørar ikkje kan levere.
Departementet har på dette grunnlaget bedt NSB greie ut korleis desse vilkåra skal dokumenterast meir konkret før søknaden kan behandlast vidare. NSB er innforstått med dette. NSB har opplyst at dei i første omgang vil avklare kva som er mogleg å få levert frå norske bussoperatørar, og har etter det eg er kjend med tatt konktakt med NHO Transport for å drøfte deira behov for busskapasitet til sommaren. Dersom det likevel skulle vise seg nødvendig med bussoperatørar frå utlandet, vil søknaden på vanleg måte bli lagt fram for organisasjonane som representerer bussnæringa i Noreg før avgjerd blir tatt.
Eg kan elles opplyse at etter at Bane NOR presenterte endeleg plan for vedlikehaldet kommande sommar, har departementet fått vite at NSB har justert ned sitt behov for turbussar og at selskapet har innleia samtaler med bussnæringa i Noreg.
Når det gjeld lønns- og arbeidsforhold for sjåførar vil eg vise til at det med heimel i allmengjøringslova er fastsett minstelønn for sjåførar i Noreg som driv turbiltransport. Dette gjeld også for utanlandske bussoperatør når dei driv kabotasjetransport i Noreg.