Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:892 (2018-2019) Innlevert: 05.02.2019 Sendt: 05.02.2019 Besvart: 13.02.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Une Bastholm (MDG): Det er vanskelig å reise og dyrt med nattog i Norge i dag, og umulig å reise med nattog mellom Oslo og Europa. For å kutte utslipp og gjøre nattog mer attraktivt vil MDG doble kapasiteten på sovekupéne mellom storbyene, tilby togvogner med sovekupé til kontinentet, f.eks. Oslo – Berlin. MDG vil også gjøre det mulig å dele sovekupé og redusere togprisene med 20 % i hele Norge. Er samferdselsministeren enig i at nattogtilbudet bør bedres i Norge og til utlandet?
Jon Georg Dale: Regjeringa har ei målsetjing om å skape eit attraktivt og tilgjengelig tilbod for alle som ynskjer å reise med tog. Dei siste åra har det vore ei jamn auke i talet på passasjerar, og sidan 2013 har talet på passasjerer auka med meir enn 10 millionar. Fleire bruker toget til og frå jobb, og på fritida. Dette er ei ynskt utvikling, og bidreg til eit berekraftig samfunn.I 2019 brukar vi over 4,2 mrd. kroner på å kjøpe persontransport med tog. Dette gjer vi for å sikre eit godt og kunderetta togtilbod gjennom heile døgnet. Nattog på strekningane Oslo-Stavanger, Oslo-Bergen, Oslo-Trondheim og Trondheim-Bodø er blant dei togtenestene staten løyver pengar til. Norske tog AS disponerer totalt 20 sovevogner. Sovevognene er nytta fullt ut i dei nattoga som går i dag. Det er ikkje mogleg å utvide sovevognstilbodet utan å skaffe fleire vogner. Om ein skulle kjøpe nye sovevogner, vil dette vere ein prosess som tek tid. Marknaden for å leige inn sovevogner frå andre jernbaneføretak er avgrensa, og Jernbanedirektoratet vurderer at det ikkje er eit passande alternativ på noverande tidspunkt.Etterspurnad etter soveplassar har store variasjonar for dei enkelte strekningane og etter sesong. Ved konkurranseutsetjing av trafikkpakkar er sovevognene fordelt ut frå venta etterspurnad og dette er i samsvar med slik NSB disponerer vognene i eksisterande trafikkavtale. Jernbanedirektoratet har orientert Samferdselsdepartementet om at det i Trafikkpakkane Sør, Nord og Vest er krav om vidareføring av sovevognstilbodet, og togoperatørane har ansvaret og incitamentet for å utvikle tilbodet til det beste for dei reisande. Staten regulerer ikkje pris for sovekupè, fordi vi meiner at togoperatørane er betre i stand til å vurdere marknaden for denne type produkttilbod.Jernbanedirektoratet er i gang med ei utgreiing av fjerntogtilbodet i Noreg og mellom Noreg og Sverige. Nattogtilbodet er ein del av dette arbeidet. Utgreiinga, som snart ferdigstillast, vil vere eit viktig underlag for tilrådingar om den vidare utviklinga av tilbodet framover.