Skriftlig spørsmål fra Ingalill Olsen (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:938 (2018-2019)
Innlevert: 08.02.2019
Sendt: 11.02.2019
Besvart: 18.02.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Ingalill Olsen (A)

Spørsmål

Ingalill Olsen (A): I en rekke oppslag i fagpressen og i lokalaviser den siste tiden fremkommer det at Tyskland har strengere krav til dekk på vogntog på vinterføre enn her i Norge.
Stemmer dette?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg er kjend med at Tyskland har skjerpa krava til vinterdekk for tunge køyretøy, slik at det berre er dekk merka med såkalla "alpesymbol", 3PMSF (Three Peak Mountain Snow Flake), som er godkjend. Endringa vart fastsett med verknad frå 1. januar 2018. Det er fastsett overgangsreglar i Tyskland slik at M+S-merka vinterdekk som er produsert eller kjøpt før 31. desember 2017, kan nyttast i ein periode fram mot september 2024. Det tyske påbodet gjeld for drivande og styrande akslar, ikkje for alle hjul. Vidare gjeld det ikkje faste datoar for når tunge køyretøy skal vere skodd med slike dekk i Tyskland; påbodet gjeld når køyretilhøva krevjar det.
I Noreg skal tunge køyretøy ha merka vinterdekk på alle hjul. Både "mud and snow" merka dekk, særskild framstilt for vinterkøyring, og dekk merka med alpesymbol er godkjende som vinterdekk i den fastsette vinterperioden, jf. forskrift om bruk av kjøretøy § 1-4 nr. 2.
Eg har, for nokre veker sidan, på bakgrunn av behovet for å betre trafikktryggleika og framkjømda vinterstid, bedt Vegdirektoratet om å foreslå skjerpa krav til vinterdekk i Noreg og her sjå hen til dei endringane som er gjort i Tyskland.
Vegdirektoratet er også bedt om å vurdere om eit skjerpa krav bør omfatte drivande og styrande aksler slik som i Tyskland, eller alle hjul, inkludert hjul på tilhengjar. Tilgangen på slike dekk, og i kva grad det vil vere naudsynt og forsvarleg med ei overgangsperiode slik som i Tyskland, må også vurderast.
Eg har bedt Vegdirektoratet om å gje arbeidet høg prioritet, slik at ei innskjerping kan skje snarast og i forkant av neste vintersesong.