Skriftlig spørsmål fra Øystein Langholm Hansen (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:942 (2018-2019)
Innlevert: 11.02.2019
Sendt: 11.02.2019
Besvart: 14.02.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Øystein Langholm Hansen (A)

Spørsmål

Øystein Langholm Hansen (A): Kan statsråden avklare hvem som er klageinstans når Posten avviser klager på vedtak, og mener statsråden at Posten AS ivaretar sitt samfunnsansvar når de ikke lenger vil distribuere post til beboere i Ytre Kvænangen?

Begrunnelse

Flere lokalsamfunn i Ytre Kvænangen har mottatt brev fra Posten AS om at de skal flytte postkassene fra ekspeditørkontorene til kommunesenteret Burfjord. Flere av beboerne har klaget på denne avgjørelsen. De har klaget skriftlig til Posten AS, som i svarbrev datert 23.januar 2019 konkluderer med at de har tatt denne avgjørelsen i henhold til postforskriftens § 12, og fastholder avgjørelsen. Dette, angivelig uten dialog med beboerne. I brevets siste avsnitt sies det at «dersom en ikke får medhold i klage til Posten og ønsker å klage videre til en andre instans, så er det per i dag Forbrukerrådet som skal behandle konkrete klager på posttjenester i forbrukerforhold etter postloven. Dersom dette er aktuelt og for ytterligere informasjon, se https://forbukerradet.no/kontakt-oss». Klagerne henvendte seg til Forbrukerrådet og klaget, men fikk til svar at «Forbrukerrådet klagesaksbehandler ikke klager på offentlige tjenester. Vi kan derfor ikke gå aktivt inn og hjelpe deg med din konkrete sak.» Forbrukerrådet henviser videre til «den aktuelle myndighet» for oppfølging.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Brevvolumet er redusert med over 60 prosent sidan 1999. Fallet i brevvolumet har eskalert til over 10 prosent årleg dei siste 2-3 åra. Postnettet har store faste kostnader, og fallet i brevmengda inneber raskt og sterkt fallande inntekter. I lys av dette må Posten ha kostnadseffektiv drift innafor dei rammene leveringsplikta legg for verksemda.
Etter reglane i postloven og postforskrifta kan det gjerast unntak frå reglane om normal plassering av postkassar for inntil 11 000 husstandar og næringsverksemder på landsbasis når særleg spreidd busetnad eller næringsverksemd gjer utlevering urimeleg kostnadskrevjande
Når det gjeld plassering av postkasser, vidarefører regjeringa tidlegare praksis om at Posten skal ha høve til å be folk sette opp kassene på stader som er tilpassa postboda sine ruter. Allereie i postkasseloven frå 1952 fekk Postverket denne moglegheita som har blitt nytta jamleg opp gjennom åra.
Etter postloven § 39 skal klager rettast til tilbydar (i dette tilfellet Posten). Posten sine avgjerder er ikkje vedtak etter forvaltningsloven.
Klager på posttenester i forbrukarforhold kan rettast til Forbrukarrådet. Rådet har opplyst at dei handsamer klager på posttenester i forbrukarforhold, men ikkje saker som gjeld endra postkasseplassering. Om Forbrukarrådet ikkje kan behandle ei konkret sak – eller om Forbrukarrådet konkluderer til fordel av ein part i saken, men partane likevel ikkje blir einige eller ikkje finn ei løysing – kan saka bringast inn for dei alminnelege domstolane.
Nasjonal kommunikasjonsmyndighet har arbeidd med å greie ut spørsmål knytt til oppretting av ei brukarklagenemnd for posttenester som mellom anna kan ha kompetanse til å handsame klager på postkasseplassering. Nemnda sin kompetanse i slike saker vil bli å fastslå om plasseringa er innafor dei avstandskrava og kriteria som fylgjer av lov og forskrift. Ei handsaming i ei slik nemnd vil heller ikkje vere rettsleg bindande og om saka ikkje blir løyst, kan den bringast inn for dei alminnelege domstolane.
I saker som den i Ytre Kvænangen har det vist seg at det er viktig at dialogen held fram for å finne gode lokale løysingar, slik det mellom anna skjedde i Hadsel der Posten, lokale styresmakter og båtselskap til slutt fann ei god løysing i ei tilsvarande sak.