Skriftlig spørsmål fra Ruth Grung (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:952 (2018-2019)
Innlevert: 12.02.2019
Sendt: 12.02.2019
Besvart: 20.02.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Ruth Grung (A)

Spørsmål

Ruth Grung (A): Ved inngåelse av OPS-kontrakten for Sotrasambandet skal de samlede statlige pliktene ikke overskride 10,5 mrd.kr, innenfor en øvre ramme for investeringer og drift på 17 mrd. kroner. Det er svært uklart hva som utgjør differensen mellom 17 mrd.kr. og 10,5 mrd.
Kan jeg be ministeren konkret redegjøre for hva som ligger til grunn for den øvre rammen på 17. mrd. kr?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Gjennom handsaminga av Prop. 41 S (2017-2018) har Stortinget vedteke at prosjektet rv. 555 Sotrasambandet skal gjennomførast som eit OPS-prosjekt, finansiert med statlege midlar og bompengar. Det er føresett at dei statlege midlane skal dekke Statens vegvesen sine utgifter i samband med utbygginga, delar av milepelsutbetalinga til OPS-selskapet ved trafikkopning og dei årlege utbetalingane til OPS-selskapet som betaling for driftsstandard. Bompengane er føresett å dekke delar av milepelsutbetalinga og dei årlege utbetalingane til OPS-selskapet som betaling for at vegen er open og tilgjengeleg.
Som for tidlegare vedtekne OPS-prosjekt, er det føresett at samla bompengebidrag til prosjektet rv. 555 Sotrasambandet skal ligge fast, både ved auka og reduserte kostnader. I Prop. 41 S (2017-2018) er brutto bompengeinntekter rekna til om lag 7,3 mrd. 2018-kr, og av dette er om lag 6,5 mrd. kr føresett nytta til å dekke delar av investeringskostnadane (bidrag til milepelsutbetalinga og årlege betalingar for at vegen er open og tilgjengeleg).
Differansen mellom den øvre ramma på 17 mrd. kr og den øvre ramma for dei samla statlege pliktene på 10,5 mrd. kr, er det føresette bompengebidraget til prosjektgjennomføringa på 6,5 mrd. kr.
Den øvre ramma på 17 mrd. kr er knytt til samla anslag for milepelsutbetaling, arbeid i regi av Statens vegvesen, årleg betaling for tilgjenge og drift samt eit påslag for uvisse. Ramma kan samanliknast med kostnadsramma for andre vegprosjekt.
Eg understrekar avslutningsvis at det no vert arbeidd så raskt som råd for å kome i gong med prosjektet.