Skriftlig spørsmål fra Tuva Moflag (A) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1004 (2018-2019)
Innlevert: 15.02.2019
Sendt: 18.02.2019
Rette vedkommende: Samferdselsministeren
Besvart: 01.03.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Tuva Moflag (A)

Spørsmål

Tuva Moflag (A): Hvordan vil ministeren sikre at hensynet til bevaring av matjord og kulturlandskapet mellom middelalderkirkene i Ski og Kråkstad blir ivaretatt i forbindelse med omleggingen av Østre linje?

Begrunnelse

I forbindelse med byggingen av ny E18, omleggingen av Østre Linje og etablering av hensettingsspor kan det forsvinne flere hundre mål med dyrket mark i Ski kommune. E18 og Østre Linje er begge viktige samferdselsprosjekter som sikrer bedre fremkommelighet og bedre sikkerhet for reisende i Follo og Østfold, og det er viktig at disse realiseres. Samtidig har Ski kommune har også noe av landets beste matjord og matproduksjonen herfra sørger for at mange får sitt daglige brød. Lokalbefolkningen har voktet kulturlandskapet mellom middelalderkirkene i Ski og Kråkstad i hundrevis av år.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Utgangspunktet for planlegginga av omlegging av austre linje (kopling mellom austre og vestre linje på Østfoldbanen) er konseptvalutgreiinga frå 2015 med godkjend KS2 i 2016. Det primære alternativet i konsept 1 frå konseptvalutgreiinga inneber å bygge 6,14 kilometer ny jernbane og oppgradere 1,6 kilometer frå enkeltspor til dobbeltspor. Dette alternativet inneber å frigjere om lag 3,7 kilometer av dagens trase. Konseptvalutgreiinga tilrår også at det vert arbeidd vidare med ei meir direkte linjeføring som berre utgjer 5,3 kilometer ny jernbane, og som også frigjer 5,7 kilometer eksisterande jernbane. Delar av den eksisterande austre linje ligg i dag i dyrka område, og dette kan då førast tilbake til dyrkamark.
I planarbeidet som no er i startfasen, ser ein på å optimalisere denne linjeføringa. Dette inneber ei mest mogleg direkte linjeføring, det vil seie kortare trase og mindre bruk av jordbruksareal, samt tilpassing til omgjevnadene.
I planarbeidet vert det også jobba med ulike alternativ for å ta vare på kulturlandskapet så godt som råd er. Det gjeld både plassering av traseen og ei vurdering av landskapet opp mot ulike jernbanekonstruksjonar.
I dette arbeidet er det tett dialog med grunneigarane og kommunane for å søke å finne optimale og gode løysingar. Det same gjeld arbeidet med hensetting (parkeringsplassar). Fylkeskommunen er tett inne i arbeidet med registrering av kulturminne. I samband med reguleringsplanarbeidet vil det verte gjort full konsekvensutgreiing for to alternativ for omlegging av austre linje, slik at ein sikrar ei god vurdering av dei aktuelle traseane.