Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1075 (2018-2019) Innlevert: 25.02.2019 Sendt: 25.02.2019 Besvart: 04.03.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Ruth Grung (A): Viser til svar 15:952 om kostnader for Sotrasambandet. Svaret er vanskelig å forstå.Er det slik at totalkostnaden for Sotrasambandet nå er på 17.mrd. kr der staten skal dekke 10,5 mrd. og bompenger skal dekke de resterende 6,5 mrd. kr?
Jon Georg Dale: Stortinget gav i samband med behandlinga av Prop. 41 S (2017-2018) Samferdselsdepartementet fullmakt til å gjennomføre prosjektet rv. 555 Sotrasambandet innafor ei øvre ramme på 17 mrd. kroner. Denne øvre ramma kan samanliknast med den kostnadsramma Stortinget gir Samferdselsdepartementet fullmakt til å byggje ut prosjekt innanfor i andre saker. I saker med tradisjonell gjennomføringsstrategi ligg normalt kostnadsramma 10-15 pst. over den styringsramma ein statistisk forventar at prosjektet vil bli bygt innafor gitt dei uvissene utbygginga møter. Dersom prosjektet ligg an til å gå utover kostnadsramma må departementet tilbake til Stortinget med forslag om endra kostnadsramme.For eit OPS-prosjekt vil det meste av kostnadene vere gitt ved kontraktsinngåing då ein OPS-kontrakt dekkjer utbygging, drift og vedlikehald i ein lang kontraktsperiode. For rv. 555-Sotrasambandet er dette 25 år etter prosjektet er opna for trafikk. Heile prosjektet rv. 555 Sotrasambandet, medrekna det arbeidet som blir utført i regi av Statens vegvesen, må halde seg innanfor den øvre ramma på 17 mrd. kroner som Stortinget har vedteke. Den endelege prisen for OPS-kontrakten blir fyrst kjend etter ein grundig innkjøpsprosess med ulike tilbydarar. OPS-prosjektet på rv. 3 / rv. 25 Løten-Elverum, som blei inngått 30. mai 2018, enda på ein pris som var om lag 20 pst. lågare enn kva Statens vegvesen sjølv utrekna at prosjektet ville koste.Som for tidlegare vedtekne OPS-prosjekt, er det føresett at samla bompengebidrag til prosjektet rv. 555 Sotrasambandet skal ligge fast, både ved auka og reduserte kostnader.