Hadia Tajik (A): Kan statsråden stadfeste at prinsippet om å få tilbod om den stillingsprosenten ein reelt har jobba det siste året gjeld alle som har ein fast stillingsandel, og uavhengig av kva stillingstittelen er?
Begrunnelse
Spørsmålet gjeld bruk av den såkalla meirtidsparagrafen (aml. § 14-3), som gjev rett til å få den stillingsprosenten ein reelt har jobba det siste året. Spørsmålet inneber til dømes at «kontrakt om å vere ekstrahjelp» og «deltidskontrakt» vert vurdert på same måte når kravet om ein auka fast stillingsandel elles er innfridd.