Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden gjere greie for bemanninga ved Kvinneklinikken ved Haukeland og om den i dag ivaretek pasienttryggleiken i tilbodet?
Begrunnelse
Sykepleierforbundet og Jordmorforeningen ved Haukeland Universitetssjukehus har varsla om forholda ved Kvinneklinikken til Arbeidstilsynet og fylkeslegen i Vestland. Det er ikkje fyrste gong det er uro på Kvinneklinikken og bekymring frå tilsette om at grunnbemanninga er alt for lav slik at den kan gå ut over pasienttryggleiken for mor og barn.