Skriftlig spørsmål fra Tellef Inge Mørland (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1211 (2018-2019)
Innlevert: 13.03.2019
Sendt: 13.03.2019
Besvart: 18.03.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Tellef Inge Mørland (A)

Spørsmål

Tellef Inge Mørland (A): Det er lagt frem forslag om å legge ned en rekke trafikkstasjoner rundt om i landet.
Vil statsråden stoppe nedleggelsen av trafikkstasjonen på Evje i Setesdal?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Regjeringa sette i 2017 i gang ein områdegjennomgang av Statens vegvesen. Gjennomgangen blei gjennomført av konsulentselskapet CapGemini Consulting som mellom anna leverte ein rapport om trafikant- og køyretøyområdet i juni 2018. Gjennomgangen viste eit betydeleg potensial for å effektivisere og modernisere trafikant- og køyretøytenesta i etaten. Dette er i samsvar med tidlegare vurderingar Statens vegvesen sjølv har gjort.
Når stadig fleire tenester kan gjerast via nettbaserte løysingar utan krav til fysisk oppmøte på ein tenestestad, må dagens tenestetilbod tilpassast for å sikre mest mogleg rasjonell og effektiv drift i tråd med brukarane sine forventningar. Det blei derfor gitt oppdrag til Statens vegvesen om å utarbeide forslag til ny tenestemodell og –struktur for trafikant- og køyretøytenestene. Forslaget skal ta utgangspunkt i tilrådingane til ekstern rådgjevar frå områdegjennomgangen og Statens vegvesen sine faglege vurderingar. Dette oppdraget har frist 10. mai i år. Eg har bedt Statens vegvesen om å gjennomføre dialogmøtar med aktuelle interessentar som del av dette arbeidet.
Det er med andre ord ikkje tatt noko avgjerd om å leggje ned trafikkstasjonar. Eg vil no vente på Statens vegvesen sitt forslag og vurdere dette nærmare når rapporten deira ligg føre.
Det er likevel viktig å peike på at Statens vegvesen også framover skal vere til stades rundt i landet, slik at brukarane får utført dei tenestene dei treng. For å oppretthalde eit godt tilbod skal Statens vegvesen derfor komme opp med forslag til kompenserande tiltak for tenester som krev fysisk oppmøte, dersom ny struktur gjer lengre reiseveg enn før. Lokalisering av tenestestader og einingar i Statens vegvesen, vil bli vurdert i tråd med retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon.