Skriftlig spørsmål fra Kirsti Leirtrø (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1222 (2018-2019)
Innlevert: 14.03.2019
Sendt: 14.03.2019
Besvart: 22.03.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Kirsti Leirtrø (A)

Spørsmål

Kirsti Leirtrø (A): På et tidligere skriftlig spørsmål til samferdselsministeren om gjenbruk av asfalt i Norge ble det i svaret (20.02.2019) vist til at praktisk talt all tilgjengelig asfalt som blir frest eller gravd opp fra veiene blir gjenbrukt, med henvisning til tall fra KFA. Statsrådens beskrivelse gir ikke et riktig bilde av hvordan gjenbruken faktisk er.
Vil samferdselsministeren ta initiativ til økt gjenbruk av returasfalt i produksjonen av ny asfalt slik at oppnår en større miljøgevinst enn hva tilfellet er i dag?

Begrunnelse

Det ble i svaret også opplyst om at mengden returasfalt til mellomlager har vært stabil i flere år - ca. 800-900 000 tonn pr. år. Videre ble det vist til at 2017 var et foreløpig toppår uttransporten av returasfalt fra mellomlager var 12 prosent større enn mengden som kom inn.
Asfaltprodusenter oppgir at Statens Vegvesen ikke legger til rette for at produsentene kan få tak i gode fresemasser til bruk i produksjonen av ny asfalt. I stedet benyttes fresemassene av Statens Vegvesen selv og i hovedsak til kantfylling og lignende. Returasfalten blir altså benyttet på et lavt nivå i verdikjeden og ikke til produksjon av ny asfalt. Dette innebærer at en ikke får den miljøbesparelse som en kunne ha hatt. Reduksjon av CO2-utslippet og mindre bruk av olje oppnår en først når asfalten blir benyttet i fremstillingen av ny asfalt.
I svaret til det skriftlige spørsmålet opplyser Samferdselsministeren også om at Statens Vegvesen har en vesentlig mer liberale grense for tilsetting av resirkulert asfalt i ny asfalt enn Sverige og Danmark.
Vi har fått oppgitt fra asfaltprodusenter at dette ikke medfører riktighet. Produsentene oppgir at i Danmark er det ingen begrensninger på tilsetting av gjenbruk i bærelagsasfalten. I Sverige har de nå åpnet opp for økt gjenvinning ved at maksgrensen er fjernet.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg har i tidlegare, og i dette svaret basert meg på opplysningar frå Statens vegvesen.
I grunngjevinga for spørsmålet blir det påstått at Statens vegvesen ikkje gir asfaltprodusentane tilgang på gode fresemassar til bruk i sin produksjon. Etaten melder til meg at dei ikkje kjenner seg att i ei slik framstilling. Hovudregelen er at når ein asfaltert veg blir frest i regi av Statens vegvesen, får entreprenøren tilgang på fresemassen som sin eigedom. På høgtrafikkerte vegar, der fresemassen har ekstra høg materialkvalitet og dermed høg verdi, legg ein i kontraktane til rette for at materialane kan nyttast i produksjon av høgverdig asfalt, gjerne til bruk på same vegstrekning. Dette er både rasjonelt og miljøvennleg.
Av mengdene som vart brukt om att i 2017, gjekk 30 pst. til varm asfaltproduksjon, medan 69 pst. gjekk til såkalla ubunden bruk. Ubunden bruk inneber at materialane blir nytta i forsterkningslag, anleggsvegar, dekke på lågtrafikkerte vegar, til forkiling, oppretting m.m., utan tilsetting av nytt bindemiddel. Det er ikkje tilfeldig at denne måten å bruke materialane på har vorte så populær, då frest og/eller knust asfalt har svært mange gode praktiske og funksjonelle eigenskapar som gjer den godt eigna på eit veganlegg. Med dette sparar ein tilsvarande mengder nye materialar.
Noreg har høge kvalitetskrav til vegbyggingsmaterialar grunna tøffe klima- og trafikkpåkjenningar. Dette gjeld særleg vegdekket, der piggdekkslitasjen tradisjonelt har vore den kritiske nedbrytingsfaktoren. Desse krava til kvalitet er avspegla i vegnormalar og retningslinjer.
Statens vegvesen har satt som mål å auke bruken av returasfalt i produksjonen av asfalt til dekke, slik at høgkvalitet steinmateriale og det gamle bindemiddelet blir nytta på ein meir optimal måte. Men det er eit problem at ikkje alle godkjente asfaltmottak har areal og plass til å separere returasfalten i lagerhaugar ut frå opphav og kvalitet. Dermed vil ein mange stader ha lagerhaugar med asfalt med ulikt opphav og varierande kvalitet. Dette set grenser for kor mykje av slike materialar som kan inngå i asfalt til høgtrafikkerte vegar.
Der det ligg til rette for at ulike kvalitetar kan handterast kvar for seg, spesielt at fresemassar frå høgtrafikkerte vegar kan lagrast separat utan at andre materialar forringar kvaliteten, freistar Statens vegvesen å styre desse materialane inn i produksjonen av tilsvarande høgkvalitets asfalt, eksempelvis såkalla skjelettasfalt som er den mest slitesterke asfalttypen vi har.
Representanten Leirtrø meiner at Noreg sett strenge krav til gjenbruk. Når det gjeld våre naboland kan det opplysast at Danmark i desse dagar har avslutta eit treårig forsøksprosjekt, «Cirkulær asfaltproduktion i Danmark», med siktemål å auke bruken av resirkulert asfalt. I dag tillet ikkje Danmark returasfalt i det heile i høgverdige bindlag og slitelag på hovudvegnettet. For ordinære asfaltmassar ligg gjenbruksgraden på om lag 10 pst. for slitelag og om lag 30 pst. for bærelag (Kjelde: Asfaltindustrien).
I Sverige vurderer Trafikverket i samarbeid med entreprenørane om ein i staden for å sjå strikt på prosentgrenser kan setje krav til asfaltmassen, dvs. det ferdige produktet. Målet er å utarbeide ei «Vägledning» om dette i løpet av 2019. Som føresetnad ligg eit krav om detaljert deklarasjon av inngåande returasfalt, med dei utfordringar som det setter til separat innsamling, sortering, lagring og testing av dei ulike materialane, jf. det som ein slit med på norske mottak.
Eg vil halde fast på at vi gjer mykje for å legge til rette for meir miljøvennleg asfaltproduksjon i samferdselssektoren. Der det er rom for forbetring har eg naturligvis også forventningar til at alle aktørar i sektoren bidreg til det.