Kjersti Toppe (Sp): Kor stor del av dei distriktsmedisinske sentera tilbyr dialyse, og vil statsråden sikre eit desentralisert dialysetilbod ved å ta distriktsmedisinske senter i bruk?
Begrunnelse
NRK Trøndelag melder om ein 85 år gammal pasient med nyresvikt som må reise til sjukehus tre gongar i veka, to timar kvar veg, for å få dialysebehandling. Forutan å vere tidkrevjande og belastande for pasienten, medfører det kostbare pasientreiser for det offentlege. Ein halvtime unna bustaden til pasienten ligg eit distriktsmedisinsk senter, som ikkje lenger tilbyr dialyse. Dette er eit av fleire døme frå media dei siste åra om pasientar som må reise langt for dialysebehandling sjølv om det finst distriktsmedisinske senter i nærleiken.