Skriftlig spørsmål fra Sverre Myrli (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1431 (2018-2019)
Innlevert: 10.04.2019
Sendt: 11.04.2019
Besvart: 12.04.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Sverre Myrli (A)

Spørsmål

Sverre Myrli (A): For treforedlingsindustrien i Østfold er det av stor betydning at Østfoldbanens østre linje igjen kan åpnes for godstrafikk, slik at både tømmer og flis kan transporteres her. I dag er kapasiteten på vestre linje sprengt, og transport til treforedlingsindustrien i Østfold må skje på lastebil eller på godstog via Sverige.
Hvordan vurderer statsråden situasjonen, hvilke planer finnes for godstransport på østre linje, og hvilke initiativ vil han ta for å få ordnet opp?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg vil vise til mitt svar på spørsmål frå Stortinget datert 07.02.2019. I svaret visast det til at strekninga er teken i bruk som prøvestrekning for det nye signalsystemet ERTMS og godsoperatørane må ha materiell som kan køyre på strekninga. Dette er det få eller ingen av godsoperatørane som har til no. Det er etablert ein støtteordning der eigarar av togmateriell kan søke om tilskot til ombordutstyr for å kunne trafikkere strekningar med ERTMS. Innan dei næraste åra vil fleire banestrekningar få ERTMS, og togoperatørane vil difor gradvis få meir materiell utrusta for ERTMS.
Godstrafikken i Norge er kommersiell, og togoperatørane vil søke om ruter der dei finn det tenleg. Det viktige er at vi legg til rette for ei lønnsam skognæring som får sine transportbehov dekt. Det er regjeringa godt i gang med.
Konkurransekrafta til skognæringa er styrka gjennom stor vekst i løyvingane til skogsbilvegane, tilrettelegging for tyngre tømmertransporter, utbedring av flaskehalsar i vegnettet, og vekst i drift, vedlikehald og investeringar i jernbanen.
Denne satsinga vil halde fram under vår regjering.