Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1501 (2018-2019) Innlevert: 25.04.2019 Sendt: 25.04.2019 Besvart: 03.05.2019 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen
Liv Signe Navarsete (Sp): I samband med Forsvaret sin årsrapport sa Forsvarssjefen at ein må sjå på moglegheita for å kutte talet plattformer Forsvaret opererer på.Kva plattformer vil bli vurdert kutta?
Frank Bakke-Jensen: Eg syner til brev frå Stortingets president av 25. april 2019, vedlagt spørsmål til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete om plattformer Forsvaret opererer på.Regjeringa har starta arbeidet med ny langtidsplan for forsvarssektoren som planleggast lagt fram for Stortinget våren 2020. Som eit ledd i dette arbeidet er forsvarssjefen beden om å leggje fram eit fagmilitært råd i oktober 2019. Ein viktig del av langtidsplanarbeidet er å vurdere strukturelle tiltak, inkludert kva plattformer som er naudsynte for å styrke Forvaret si operative evne.