Skriftlig spørsmål fra Tore Hagebakken (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1511 (2018-2019)
Innlevert: 26.04.2019
Sendt: 26.04.2019
Besvart: 07.05.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Tore Hagebakken (A)

Spørsmål

Tore Hagebakken (A): Hva vil samferdselsministeren gjøre for å unngå at E6 gjennom Gudbrandsdalen må stenges, så lenge det ikke finnes tilfredsstillende omkjøringsveger?

Begrunnelse

I åtte dager, perioden fra 1.- 9.april, var E6 gjennom Gudbrandsdalen stengt, på grunn av rasfare etter et sprengningsuhell i et steinbrudd inntil E6 på Fåvang, der det ikke er tilfredsstillende omkjøringsveg. På den 32,6 km. lange strekningen mellom Tretten til Frya, er det ikke omkjøringsveger som kan benyttes når E6 må stenges, med de store konsekvenser og samfunnsøkonomiske kostnader det har.
Det fortelles om ambulanser som brukte 45 minutter ekstra kjøretid for å komme til sykehus og om tunge kjøretøy som enten måtte vente i åtte dager eller velge å få ekstra kjørevei på 30 mil.
E6 gjennom Gudbrandsdalen binder Norge sammen: E6 nord-sør Trondheim - Oslo og øst-vest Stryn - Skjåk via Rv15, og Åndalsnes - Dombås via Rv136. Derfor er utbyggingen av E6 gjennom Gudbrandsdalen av stor nasjonal, regional og lokal betydning. En åpen E6 gjennom Gudbrandsdalen er svært viktig for det eksportrettede næringslivet i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag, da E6 gjennom Gudbrandsdalen er hovedåren for blant annet lakseeksporten til utlandet.
Deler av strekningen har vært ferdig planlagt i mange år uten at utbyggingen har vært finansiert.
På andre deler av strekningen har planarbeidet pågått i lang tid, mens deler av strekningen Tretten-Fåvang kirke ikke engang er planlagt.
Nye Veier A/S fikk oppdraget med å bygge ut E6 Øyer - Otta 11. januar 2019, og foreløpig er det usikkerhet om hvordan strekningene vil bli prioritert for utbygging.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Av omsyn til tryggleiken for trafikantane var det naudsynt å stenge E6 ved Fåvang etter eit sprengingsuhell i eit nærliggande grustak. Saman med driftsentreprenøren klarte Statens vegvesen å redusere stengetida vesentleg i forhold til tidlege estimat. Arbeidet med å sprenge, reinske fjellsida og køyre bort massar tok tre døgn før vegen kunne opnast att for tovegs trafikk i eitt køyrefelt med trafikkdirigering og lysregulering. På den aktuelle strekninga ved Fåvang er det mogeleg med lokal omkøyring for lette køyretøy. Denne omkøyringsruta er om lag 6-7 km lengre. Tunge køyretøy vart viste til å bruke rv. 3 gjennom Østerdalen.
E6 gjennom Gudbrandsdalen er ein viktig hovudveg som er utsett for både skred og flaum. Nokre stader er det mangelfulle mogelegheiter for omkøyring. Dei siste åra har det vore ei rekke flaum- eller skredhendingar som har ført til stenging av E6 i eitt eller fleire døgn.
Statens vegvesen har god beredskap for å handtere uføresette situasjonar når dei oppstår. Dei har oppdaterte beredskapsplanar basert på risiko- og sårbarheitsanalysar av vegnettet og øver på desse saman med andre aktørar. Vegvesenet koordinerer all aktivitet rundt slike akutte hendingar på vegnettet; som å skaffe nødvendige ressursar til å utføre oppryddings-/reparasjonsarbeidet, finne omkøyringsvegar, skilte og stenge vegar, informere publikum gjennom media og Vegtrafikksentralen (VTS), skaffe ressursar til trafikkdirigering, få fram viktig lokal trafikk (til dømes nødetatar og mjølkebilar) m.m. Gjennom drift og vedlikehald har Statens vegvesen også særskilt fokus på flaum- og skredsikring. Det vert gjennomført skredsikringsarbeid/fjellreinsk når det er behov for dette, og det vert bygd flaumvern/gjennomført tiltak for å halde flaumvegar opne. Utsette punkt og strekningar med avgrensa omkøyringsmoglegheiter er høgt prioriterte. Denne regjeringa si målretta satsing på investeringar i ny E6 gjennom Gudbrandsdalen er gode døme på kva som må til for å sikre driftsstabilitet. I tillegg har vedlikehaldsetterslepet på norske riksvegar vore redusert kvart år sidan 2013, etter at det auka i fleire tiår før FrP kom i regjering. Vi skal fortsette arbeidet for å halde god driftsstabilitet på norske vegar.