Skriftlig spørsmål fra Kirsti Leirtrø (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1639 (2018-2019)
Innlevert: 16.05.2019
Sendt: 16.05.2019
Besvart: 27.05.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Kirsti Leirtrø (A)

Spørsmål

Kirsti Leirtrø (A): Den 19. desember 2018 kunne vi lese at det i 2021 kommer 14 nye hybridtog til Trøndelag. Vi kan også på regjeringens hjemmeside lese at de nye togene vil trenge utbedringer av Infrastrukturen. Nå sier fagfolk i Bane Nor at de nye togene er betydelig tyngre enn de elektriske togene som egentlig skulle komme. De er derfor bekymret for infrastrukturen.
Hvilken vurdering er gjort rundt togbanens bæreevne for innkjøp av nye togsett ble gjort?

Begrunnelse

I et møte med region Jamtland i april uttaler representanter fra den Norske regjering at elektrifisering av Meråkerbanen skal gjennomføres. De nye togsettene skal kjøre der. Meråkerbanens infrastruktur trenger bedre vedlikehold ut over elektrifisering. Dessverre var det ikke midler til dette i det fremlagte reviderte statsbudsjettet for 2019.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Materiellet som i dag vert nytta på Trønderbanen, Meråkerbanen og delvis Rørosbanen er meir enn 30 år gammalt og har nådd teknisk levealder. I midten av desember 2018 inngjekk Norske tog avtale om leveranse av 14 bimodale togsett til erstatning for dei utgåande togsetta. Desse toga har ei ekstra lita mellomvogn med moderne dieselmotorar som driv generatorar, som på si side leverer straum til toget når det ikkje køyrer på vanleg måte under ei kontaktleidning (køyreleidning). I avtalen med togleverandøren er det forutsett ei aksellast som er innanfor gitte terskelverdiar.
I fylgje plana vert levering av første bimodale togsett i august 2020, med levering av eitt togsett kvar fjerde veke deretter. I statsbudsjettet for 2019 er det sett av pengar til naudsynte infrastrukturtiltak for å kunna ta imot dei nye bimodale togsetta. Naudsynte tiltak kan vere plattformforlengingar, hensettingsanlegg og tiltak i sjølve banelekamen. Det er etablert eit samarbeid mellom Jernbanedirektoratet og Bane NOR for vidare oppfølging av dette. Arbeidet er godt i gang og vil fortsetja òg til neste år.
Når det gjeld Meråkerbanen særskilt, er det ikkje bestemt kva for togtype som skal nyttast. Utan naudsynte tiltak har dei nye bimodale togsetta ei aksellast som i dag er for høg.
Lokal- og regiontrafikken i Trøndelag går på strekningar både med og utan kontaktleidning, og bimodale tog er difor godt egna.