Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1655 (2018-2019)
Innlevert: 16.05.2019
Sendt: 20.05.2019
Besvart: 28.05.2019 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden gjere greie for alle EBA-prosjekt som pågår og som er planlagt på Andøya?

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Eg syner til brev frå Stortingets president av 20. mai 2019, vedlagt spørsmål til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete om EBA-prosjekt som pågår og som er planlagde på Andøya.
Når det gjeld investering i nasjonalfinansiert EBA, har Forsvarsbygg fått fullmakt til å gjennomføre tiltak for å fase ut bruk av fossilt brensel til oppvarming på Andøya.
Per i dag er det ingen planlagde prosjekt i investeringsplanen.
Forsvarsdepartementet vurderer å søke NATO-finansiering for tre mindre prosjekt på Andøya. Dette er prosjekt for etablering av ei armeringsplattform, renovasjon av eit ammunisjonslager samt eit prosjekt for rask oppbremsing av kampfly på rullebanen. Desse prosjekta blei fremma overfor NATO i 2015 og ligg no inne i NATO sine investeringsplanar for mogleg gjennomføring i tidsrommet 2020–2025. Det er venta at Noreg kan få eit samla tilskot frå NATO på om lag 4 millionar euro. Sjølv om det er venta at NATO vil kunne dekkje delar av investeringskostnadane, medfører dei og nasjonale følgjekostnadar. I tillegg vil drift og vedlikehald vere eit nasjonalt ansvar.
Eventuelt fleire nye EBA-prosjekt på Andøya vil bli vurdert som ein del av oppfølginga av Forsvaret sitt konsept for alliert mottak, jamfør omtale i revidert nasjonalbudsjett.