Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1664 (2018-2019)
Innlevert: 20.05.2019
Sendt: 21.05.2019
Besvart: 04.06.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Kva var den prosentvise satsen staten støtta bybanebygging i Bergen med i perioden 2005 - 2013?

Begrunnelse

I Dagbladet 18. mai uttaler byrådsleiar i Bergen Roger Valhammer
- Det eneste som kan ta ned belastningen i den ytre ringen er å øke den statlige finansieringen av Bybanen opp fra dagens 50 prosent. Ap har foreslått 70 prosent statlig andel, noe som ville redusert bergensernes belastning med 3 milliarder kroner, sier Valhammer.
Byrådsleiaren sin historiefortelling om forslaget om 70 % er formulert slik på Ap si nettside:

"Sørge for at staten tar opptil 70 prosent av utgiftene for de store byprosjektene, mot at kommunene forplikter seg til omfattende boligutbygging nær traseene."

Det er altså interessant at ordet opptil er fjerna.
Men meir interessant er det kva nivå som var gjeldande i perioden då Ap satt i regjering og man også bygde bybane i Bergen.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Statlege midlar til Bybanen i perioden 2005-2009 vart løyvde over den fylkesfordelte ramma til investeringar på øvrige riksvegar. I perioden 2005-2007 deltok Bergen i eit forsøk med alternativ forvaltningsorganisering av transportsystemet. Dette innebar at det var Bergen kommune som stod for prioriteringane innanfor tildelt ramme på kap. 1320, post 60.
Som følgje av forvaltningsreforma vart den statlege ramma til øvrige riksvegar overført til rammetilskotet til fylkeskommunane frå og med 2010. Det er derfor ikkje nytta statlege midlar over kap. 1320, post 30 til Bybanen etter 2009.
Samla sett over perioden 2005-2013 vart det løyva om lag 90 mill. kr i statlege midlar og om lag 130 mill. kr i fylkeskommunale midlar. I same periode blei det rekvirert om lag 3,9 mrd. kr i bompengar. Dette gjer eit statleg bidrag på om lag 2 %. Dei fylkeskommunale løyvingane utgjer om lag 3 %.
I perioden 2014-2019 er det venta at bompengebidraget blir om lag 4,5 mrd. kr. Regjeringa Solberg har prioritert å auke det statlege bidraget til Bybanen til Fyllingsdalen til 50 % gjennom byvekstavtalen for Bergen. Avtalen blei inngått i 2017, og det er løyva meir enn 1,3 mrd. kr i statleg bidrag til Bybanen til Fyllingsdalen i perioden 2017-2019.