Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1709 (2018-2019) Innlevert: 23.05.2019 Sendt: 27.05.2019 Besvart: 05.06.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Lars Haltbrekken (SV): Jernbanedirektoratet sier til Dagsavisen 23. mai 2019, at de har stor tro på hydrogentog i Norge og at jernbanen kan bli utslippsfri allerede i 2030. Regjeringen var i fjor skeptisk til SVs forslag om å igangsette et pilotprosjekt med hydrogentog i Norge.Har ministeren nå endret syn på hydrogentog og vil han jobbe for å få et slikt pilotprosjekt etablert?
Jon Georg Dale: Regjeringa har gjennom Nasjonal transportplan uttrykt ein tydeleg ambisjon om å ta i bruk nye nullutsleppsløysingar på jernbana. Regjeringa ynskjer at nullutsleppsløysingane vert lagt til grunn i framtidige offentlege materiellanskaffingar. Ved kjøp av nytt rullande materiell skal det skje i den grad teknologiutviklinga tillèt det. Jernbanedirektoratet skal ha ei aktiv rolle i å koordinere tiltak og bidra til nødvendig kunnskap om samarbeid mellom togoperatørar, togmateriellselskap, togmateriellprodusentar og infrastrukturforvaltar. Det er difor òg lagt inn ei testordning i Trafikkpakke 2 Nord der det vert gitt bonus for utprøving av nullutsleppsløysingar. Samhandlinga er viktig for å legge til rette for at nullutsleppsteknologiar blir tatt i bruk i Noreg. Stortinget vedtok den 13.11.2018 å be regjeringa vurdere oppstart av eit forsøk med hydrogentog i mindre skala, for å teste ut om teknologien kan skalerast opp til bruk på dei lange strekningane der det går tog med dieselframdrift i dag. I tildelingsbrevet til Jernbanedirektoratet fekk direktoratet i oppgåve å lage eit forslag til mandat for ei vurdering av mogelegheita for eit pilotprosjekt med hydrogentog i Noreg. Mandatet vert no handsama i departementet. Vurderinga skal gi ei oversikt over kostnadane og moglegheitene for å gjennomføre eit slikt prøveprosjekt.Klimagassutsleppa bør først og fremst reduserast der dei er billigast, slik at ein får størst mogleg klimaeffekt per krone. I dag går om lag 80 % av togtrafikken i Noreg med elektriske tog og persontrafikken på jernbane er for det meste fossilfri. Vurderinga frå Jernbanedirektoratet om moglegheita for eit pilotprosjekt for hydrogentog vil kunne gi oss verdifull kunnskap om hydrogentog på jernbane er eit kostnadseffektivt klimatiltak og om det er hensiktsmessig med eit framtidig pilotprosjekt.