Skriftlig spørsmål fra Eirik Sivertsen (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1814 (2018-2019)
Innlevert: 07.06.2019
Sendt: 11.06.2019
Besvart: 17.06.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Eirik Sivertsen (A)

Spørsmål

Eirik Sivertsen (A): Rullebanen i Bodø er utslitt både i overflaten og strukturelt som følge av mange års bruk. Det ble i 2014 gjort en større operasjon for å holde overflaten av rullebanen sammen som ble gitt 10 års levetid. Samtidig er det planlagt bygging av en ny rullebane.
Når vil den nye rullebanen være operativ for sivil luftfart?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029 (NTP) var regjeringa positiv til ei flytting av Bodø lufthamn, noko Stortinget slutta seg til i Innst. S 400 (2016–2017). Flyttinga vart kostnadsrekna til 5,2 mrd. kr, og det vart prioritert 2,4 mrd. kr i statlege midlar til flyttinga. Resten skal finansierast av Avinor og lokale bidrag. I NTP vart det vist til at flyttinga burde gjennomførast innan ti år for å unngå unødvendige investeringar i dagens rullebane.
I eit innspel til dette svaret har Avinor vist til at selskapet følgjer tilstanden til rullebanen ved Bodø lufthamn nøye. Ei vurdering frå 2018 viste at tilstanden er vorten dårlegare, men at Avinor, gjennom vedvarande overvaking og forsterka vedlikehald, kan unngå ei større rehabilitering før ei ny lufthamn står ferdig.
I brev den 6. september 2017 gav Samferdselsdepartementet Avinor i oppdrag å halde fram med planlegginga av flyttinga av Bodø lufthamn. Som ein del av oppdraget skulle Avinor utarbeide ein framdriftsplan og innleie dialog med Bodø kommune og Nordland fylkeskommune om det lokale bidraget. Ifølgje framdriftsplanen til Avinor vil den nye lufthamna kunne stå ferdig i tidsrommet 2024–2026.
Bodø kommune har vendt seg til Samferdselsdepartementet og vist til at kommunelova er til hinder for å få på plass det lokale bidraget, og etterlyst alternative løysingar. Mellom anna vart eg informert av Bodø kommune om problemstillinga i eit møte den 10. desember 2018.
Den 5. mars 2019 informerte Avinor Samferdselsdepartementet om at Avinor hadde bestemt seg for å skuve på igangsettinga av forprosjektet som følgje av uvissa rundt det lokale bidraget. Ifølgje Avinor ville dette "Mest sannsynlig […] få konsekvenser for når forprosjektet kan sluttføres, men ikke nødvendigvis når prosjektet i sin helhet kan avsluttes." I eit innspel til dette svaret har Avinor òg presisert at det – fram til forprosjektet er gjennomført og det ligg føre ei ekstern kvalitetssikring av styringsgrunnlaget og kostnadsgrunnlaget (KS2) – vil vere betydeleg uvisse knytt til mellom anna når prosjektet kan avsluttast.
Samferdselsdepartementet har vurdert alternative løysingar for det lokale bidraget. Eg orienterte Bodø kommune om dette arbeidet i eit møte 24. mai. Eg tek sikte på å kome attende med ei nærare utgreiing om desse vurderingane til Avinor og Bodø kommune.