Skriftlig spørsmål fra Willfred Nordlund (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1824 (2018-2019)
Innlevert: 07.06.2019
Sendt: 11.06.2019
Besvart: 19.06.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Willfred Nordlund (Sp)

Spørsmål

Willfred Nordlund (Sp): Hva er konsekvensen for sivil luftfart om internasjonale sikkerhetskrav på en flyplass permanent overskrides, vil flyplassen fortsatt kunne operere sivil luftfart på daglig basis?

Begrunnelse

I korrespondanse mellom Avinor og Forsvarsbygg kommer det frem at beregnet risiko på Evenes flyplass for inn- og utflyvning med dagens utforming og infrastruktur ligger akkurat på det akseptable risikoområdet. Samtidig vil planlagt utbygging på Evenes i lys av base for maritime patruljefly endre dette, slik at internasjonale krav for turbulens ikke overholdes.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg har forelagt spørsmålet for Luftfartstilsynet. Luftfartstilsynet viser til at det ikkje er fastsett internasjonale krav til turbulens, men at det er gjeve tilrådingar basert på studiar. Flyprodusentane legg inn avgrensingar ved sertifiseringa av fly, og dei kan ha fastsett eigne avgrensingar i operasjonsmanualane. Luftfartstilsynet kan også fastsette vindavgrensingar i sertifiseringa av ei flyplass eller krevje at flyoperatørane set slike vindavgrensingar.
Luftfartstilsynet viser til at Evenes i utgangspunktet er ei krevjande lufthamn, delvis på grunn av topografien med terreng omkring. Innflygingstraseane er meir utfordrande enn normalt (bratt innflygingsvinkel og avvik i forhold til rullebaneretninga). Det er også kunngjort åtvaringar om såkalla vindskjær (brå endringar i vindretning/-styrke), og moderat til sterk turbulens under innflyging ved visse vindretningar. På bakgrunn av dette er det fastsett særlege krav til flyoperatørar og besetningar som skal fly på Evenes lufthamn.
Flyplassregelverket stiller mellom anna krav til flyplasseigarane om at menneskeskapte hinder (til dømes bygg og installasjonar) skal analyserast, og at potensiell risiko skal reduserast. Dette er bakgrunnen for Avinors brev til Forsvarsbygg. Forsvarsbygg og Avinor gjer no nye analyser for å sjå om ei justering av hangaren sin plassering på den aktuelle tomta og/eller konstruksjonsmessige tiltak vil skape en tilfredsstillande situasjon.