Skriftlig spørsmål fra Bengt Fasteraune (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1953 (2018-2019)
Innlevert: 21.06.2019
Sendt: 24.06.2019
Besvart: 06.08.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Bengt Fasteraune (Sp)

Spørsmål

Bengt Fasteraune (Sp): Kan jeg be om en oversikt over samtlige bompengeprosjekter i Norge der følgende oppgis: (1) prosjektets totalkostnad, (2) innkrevde og forventet innkrevde bompenger, (3) påløpte og forventet påløpte administrative kostnader ved bompengeinnkrevingen, (4) rentesats på bompengegjelden, (5) påløpt og forventet påløpt rentekostnad på bompengegjelden, (6) bompengeandel, (7) gjenværende bompengegjeld, (8) forventet sluttdato for bompengeinnkrevingen og (9) bompengesats for ulike kjøretøy?

Begrunnelse

Tallene bes oppgitt for hvert enkelt bompengeprosjekt. Tallene bes så langt som mulig gis med utgangspunkt i forventet tilstand per 01.01.2020.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Opplysningane som representanten Fasteraune etterspør, er samla i vedlegg 1 for punkta 1-8 og i vedlegg 2 for punkt 9. Oversiktene omfattar prosjekt der bompengeinnkrevjinga er starta opp.

Opplysningane som blir etterspurde, gjeld i hovudsak bompengeselskapa si verksemd. Bompengeselskapa sin frist for rapportering av resultata for 2018 var ved utgangen av juni 2019. Statens vegvesen sin statistikk og analyser for 2018 vil derfor først ligge føre rundt årsskiftet 2019-2020. For eit utval av opplysningar rapporterer bompengeselskapa pr. kvartal. Det ligg følgjeleg føre nokre førebelse resultat for 2018.



Nokre merknader til opplysningane, i tillegg til det som går fram av merknadskolonna i vedlegg 1:

• Oppgitte kostnadsoverslag (1) er dei kostnadsoverslaga/økonomiske rammene som vart lagt til grunn ved Stortingets vedtak av prosjekta. Det same er tilfelle for føresette bompengebidrag (6).

• Opplysningane om lånerente (4), attståande gjeld (7) og forventa tidspunkt for å avslutte bompengeinnkrevjinga (8) er i all hovudsak basert på dei førebelse resultata for 2018.

• Bompengeselskapa rapporter på årlege bompengeinntekter og bruken av desse; ikkje kor mykje bompengar som er kravd inn så langt/står att å krevje inn (2), administrative kostnader ved bompengeinnkrevjinga så langt og framover (4) eller rentekostnader så langt og framover (5). Opplysningar om bompengeinntektene og bruken av desse i 2017 går fram av vedlegg 1. Saman med opplysningane om restgjeld (7) og forventa tidspunkt for avslutta bompengeinnkrevjing (8), meiner eg at dette gir eit godt bilde av status for dei ulike bompengeprosjekta.

• I vedlegg 2 er bompengetakstane pr. 4. juli 2019 oppgitt.

Vedlegg til dokument 15:1953 (2018-2019)