Skriftlig spørsmål fra Heidi Greni (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1995 (2018-2019)
Innlevert: 28.06.2019
Sendt: 01.07.2019
Besvart: 08.07.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Heidi Greni (Sp)

Spørsmål

Heidi Greni (Sp): Det vert ofte hevda ulike beløp som Nye Veier AS har spart samanlikna med planane til Statens Vegvesen.
Kor mykje har Nye Veier As spart samfunnet for samla så langt og kva føresetnader og tal bygger desse utrekningane på?

Begrunnelse

Då Stortinget behandla tre bompengeproposisjonar 19. juni vart det hevda at det berre for desse var spart 8 milliardar kroner. Det er ynskjeleg med informasjon om kva tal det til dømes er frå Statens Vegvesen ein då legg til grunn og er desse utan usikkerheit.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Grunnlaget for etablering av Nye Veier AS blei lagd gjennom Meld. St. 25 (2014-2015) På rett vei. Samferdselsdepartementet la i dette arbeidet til grunn at Statens vegvesen har ein effektiv gjennomføringsorganisasjon. Likevel vurderte departementet at det med ei anna organisering og andre rammevilkår ville kunne vere mogeleg å gjennomføre utbygging, drift og vedlikehald av delar av riksvegnettet enda meir effektivt. Nye Veier blei derfor etablert med mål om å lyfte fleire viktige riksvegstrekningar og gjennomføre utbygginga meir effektivt.
Gjennom behandlinga av stortingsmeldinga blei selskapet gitt ansvar for 7 vegstrekningar som selskapet skulle byggje ut. Det samla kostnadsoverslaget for utbygging av desse strekningane var i Meld. St. 25 anslått å være 131,3 mrd. 2015-kr. Dette var eit førebels kostnadsoverslag og departementet gav som meldt i stortingsmeldinga Statens vegvesen i oppdrag å kvalitetssikre kostnadsoverslaget for den samla porteføljen før vegprosjekta skulle overførast til Nye Veier AS.
Føremålet med denne kvalitetssikringa var å sikre eit best mogeleg grunnlag for ei sams forståing av kostnader og risiko mellom selskapet og staten knytte til dei utbyggingsoppgåvene som blei lagde til selskapet.
Nye Veier tok imot dei kvalitetssikra kostnadsoverslaga i fleire omgangar i løpet av 2016. Kostnadsoverslaga var baserte på den kunnskapen som Statens vegvesen hadde om prosjekta på det tidspunktet. Prosjekta var i svært ulik planfase og uvissa i kostnadsoverslaga varierte derfor mykje. Nye Veier AS har i sitt vidare arbeid lagt til grunn forventningskostnaden for prosjekta slik den då blei vurdert frå vegvesenet. Dette er den kostnaden som det statistisk sett er like stor sjanse for at blir overskride som underskride. For heile porteføljen var den samla forventningskostnaden på 148 mrd. 2016-kr.
I samsvar med intensjonen lagt ned i stortingsmeldinga måler Nye Veier AS sine kostnader mot dette estimatet, ofte referert til som nullestimatet. I arbeidet med stortingsmeldinga blei det ikkje gjennomført fullstendige samfunnsøkonomiske vurderingar for alle strekningane i oppstartsporteføljen. Statens vegvesen gjennomførte ikkje nye nytte/kost-berekningar før overlevering av prosjekta til Nye Veier AS. Nytteestimata som grunnlag for nytte/kost-berekningane baserer seg derfor på Nye Veier sine eigne berekningar gjort etter at nullestimata på kostnader var motteke.
I samband med eit oppdrag knytt til utarbeiding av Nasjonal transportplan 2022-2033 viser Nye Veier AS ei betring i samfunnsøkonomisk nytte for den samla porteføljen på 63 mrd. 2018-kr, kor ein kostnadsreduksjon på 28 mrd. 2018-kr inngår. Nullestimatet for strekningane er oppdatert til 156 mrd. 2018-kr. Nye Veier vurderer månadleg estimata på kostnadssida. Estimata for nytte blir vurdert to gonger i året i samband med porteføljeprioritering. Tala vil derfor variere noko frå månad til månad.
Beslutningen om å opprette selskapet har kort fortalt vært en gedigen suksess med lavere kostnader, økt nytte og raskere fremdrift.