Skriftlig spørsmål fra Siv Mossleth (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2170 (2018-2019)
Innlevert: 25.08.2019
Sendt: 26.08.2019
Besvart: 02.09.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Siv Mossleth (Sp)

Spørsmål

Siv Mossleth (Sp): 160 millioner som var beregnet for å ferdigstille siste del av E6 i Grane, mot Trøndergrensen i veipakken Helgeland Sør. Ministeren forteller gjerne om fordelene med helhetlig veibygging, og at regjeringa ikke bygger stykkevis og delt. Men her var ikke mulig å finne penger, ble det påstått fra regjeringa, selv om det var under 10 km vei. Men nå ser det ut som om regjeringa har funnet 2 milliarder.
Når det blir nye samferdselspenger, hvorfor blir det ikke penger til denne ubygde flaskehalsen, som folk har betalt bompenger på?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: E6 Helgeland sør omfattar to delprosjekt, ein vegutviklingskontrakt som opphaveleg omfatta sju delstrekningar, og prosjektet Kappskarmo – Brattåsen – Lien der tradisjonelle konkurranseformer blir nytta, jf. Prop. 148 S (2014-2015). Anleggsarbeida på vegutviklingskontrakten starta i mai 2017. På prosjektet Kappskarmo – Brattåsen – Lien starta anleggsarbeida på delstrekningen Kappskamo – Brattåsen – Svenningelv i august 2018.
Som opplyst i mitt svar på spørsmål nr. 514 frå representanten Siv Mossleth, vart kostnadene for vegutviklingskontrakten høgare enn føresett, og i samband med detaljprosjekteringa av strekningen vidare frå Svenningelv til Lien vart det avdekka vanskelege grunnforhold. Med ein prognose for sluttkostnad som låg om lag 860 mill. kr over fastsett styringsramme og om lag 390 mill. kr over fastsett kostnadsramme, vart dei to sørlegaste delstrekningane tekne ut av vegutviklingskontrakten. For delstrekningen Svenningelv – Lien blir det utarbeidd ny reguleringsplan der målet er halde kostnadene innanfor den fastsette kostnadsramma for prosjektet.
Eg vil vise til at arbeidet med å få betre kontroll på kostnadsutviklinga for store samferdselsprosjekt, slik at vi får mest mogleg infrastruktur att for pengane, er høgt prioritert både i Samferdselsdepartementet og Statens vegvesen. I vegutviklingskontraktane har Stortinget lagt opp til at utbygginga skal styrast mot ein fastsett sluttsum ved å bruke opsjonsvilkår. For E6 Helgeland sør vart det dessverre nødvendig å gjere seg nytte av dette.