Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2176 (2018-2019) Innlevert: 26.08.2019 Sendt: 26.08.2019 Besvart: 02.09.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Geir Pollestad (Sp): I «bompengeskissen» fremgår det at E39 Smiene-Harestad og E39 Hove -Ålgård skal tas ut av Nord-Jæren pakken og overføres til Nye Veier AS. Disse prosjektene er forutsatt bompengefinansiert.Vil det komme bom på disse prosjektene?
Jon Georg Dale: Dei to riksvegprosjekta E39 Ålgård-Hove og E39 Smiene-Harestad er omtalt i Meld. St. 33 (2016-2017) Nasjonal transportplan 2018-2019. Der er det lagt til grunn 2 900 mill. 2017-kr i statlege midlar til dei to prosjekta samla. Det er vidare lagt opp til eit samla bompengebidrag på 3 950 mill. 2017-kr. I avtalen mellom regjeringspartia er det lagt til grunn at dei to prosjekta kan takast ut av bypakken og overførast til porteføljen til Nye Veier AS. Det er ein føresetnad at lokale styresmakter ønskjer dette. Prosjekta inkludert finansieringsopplegg vil i så fall måtte vurderast på nytt av Nye Veier AS. Dette opnar for at bompengedelen vert redusert i prosjekta. I tillegg vert det endra innkreving frå delvis førehandsinnkreving til etterskuddsvis. Dette gjer også at eventuelle kostnadsreduksjonar i prosjektet vil kome bilistane til gode. Bilistane på Nord-Jæren vil få lågare bompengebelastning enn tidlegare føresett. Det er eg glad for, samstundes held FrPs kamp for mindre bompengar fram med uforminska styrke.