Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:124 (2019-2020)
Innlevert: 21.10.2019
Sendt: 22.10.2019
Besvart: 30.10.2019 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kva type infrastruktur ved Andøya flystasjon har Forsvaret behov for i alternativ A og B i FMR og vil det vere mogleg for næringslivsaktørar å etablere permanent verksemd, til dømes eit produksjonslokale, ved slike område eller i umiddelbar nærleik til slike område?

Begrunnelse

Regjeringa opplyste Stortinget 31.05.2017 (Link) at eigedomar knytta til Andøya flystasjon er planlagt avhenda og at bygningar som Forsvaret framleis skal nytte på Andøya skal inngjerdast. Regjeringa opplyser at «det er på det rene at dette vil ha et relativt lite omfang, og skal ikke være til hinder for utvikling av annet aktivitet». I nordnorsk debatt 18.10.2019 (Link) skaper forsvarsminister Frank Bakke-Jensen forvirring kring skjebnen til Andøya flystasjon. Bodskapen Stortinget fekk fra regjeringa om at det ikkje skulle leggjast hindringar for ny aktivitet på flystasjonsområdet er no endra til at regjeringa skal syte for «gode muligheter for sivile aktører» på arealet som utgjer Andøya flystasjon. For sivile verksemder som skal bere Andøy-samfunnet vidare eksisterer det ingen andre «gode muligheter» enn permanent tilgang til eigedom og fullstendig eigarskap til eegne produksjonslokale.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Eg viser til brev av 22. oktober 2019 med spørsmål frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete om kva type infrastruktur ved Andøya flystasjon Forsvaret har behov for i alternativ A og B i Forsvarssjefens fagmilitære råd (FMR), og om det vil vere mogleg for næringslivsaktørar å etablere permanent verksemd, til dømes eit produksjonslokale, ved slike område eller i umiddelbar nærleik til slike område.
Regjeringa har starta arbeidet med å utvikle ein ny langtidsplan for forsvarssektoren, og har til føremål å leggja han fram for Stortinget våren 2020. Som ledd i denne prosessen har regjeringa nett fått eit fagmilitært råd frå forsvarssjefen. Gitt den tydeleg forverra tryggingspolitiske situasjonen har forsvarssjefen skissert fleire alternativ for å styrkje Forsvaret. For betre å kunne syte for mottak av allierte styrkar i krise og krig, er det i to av alternativa forsvarssjefens råd å nytte Andøya som ein reservebase for allierte flystyrkar. Ein reservebase er i det fagmilitære rådet omtala som ei sivil lufthamn utan dagleg militær aktivitet, der Forsvaret vidarefører delar av eksisterande infrastruktur for å kunne flytta nasjonale eller allierte flystyrkar dit i krise eller i krig. På Andøya blir infrastruktur som blant anna drivstoffanlegg, flyshelter og ammunisjonslager vidareført i dei to nemnde alternativ. Infrastrukturen på ein reservebase kan nyttast av andre, også sivile aktørar. Regjeringa har tidlegare presisert at det skal leggjast til rette for etterbruk av fasilitetar på Andøya gjennom ein samhandlingsavtale som også gir gode moglegheiter for sivile aktørar. Det vil vera mogleg for næringslivsaktørar å etablere permanent verksemd på Andøya flystasjon.
I dei tilfella eventuelle reservebasar eller andre flyplassar skal nyttast i krise og krig, vil landet vere i ein situasjon der det å ta i bruk store delar av totalforsvaret vil vera naudsynt.
Regjeringa skal no sette seg inn i det fagmilitære rådet, og dette skal behandlast politisk. Det er så langt ikkje ferdigstilt ei vurdering eller trekt konklusjonar knytt til dei ulike strukturalternativa i forsvarssjefens tilråding. Dette gjeld òg spørsmålet om eventuelle reservebasar.
Forsvarssjefens råd om å nytte Andøya som reservebase medfører ikkje ei tilråding om å endra Stortingets vedtak om å leggje ned Andøya flystasjon og å flytte drifta av Luftforsvarets maritime overvakingsfly samt alliert flying til Evenes.