Skriftlig spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:208 (2019-2020)
Innlevert: 03.11.2019
Sendt: 04.11.2019
Besvart: 11.11.2019 av finansminister Siv Jensen

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Spørsmål

Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Kor store ressursar/kor mykje pengar vil Finanstilsynet i 2020 bruka på a) faktisk tilsyn med finansielle føretak, b) regelverksutvikling, jf. utkast til offentlege høyringsprosessar på finansmarknadsområdet og c) deltaking i EUs finanstilsyn, korleis har fordelinga av ressursar/utgifter på dei nemnde områda utvikla seg år for år sidan 2013, og kva er tilsvarande absolutte og relative tal for dei svenske og danske finanstilsyna i same tidsperiode?

Begrunnelse

I framlegget til statsbudsjett for 2020 gjer regjeringa framlegg om å «øke kapasiteten i Finanstilsynet. Bakgrunnen er nytt og mer komplekst regelverk for finansnæringen og flere tilsynsområder og objekter». Det vert gjort framlegg om eit budsjett på 444 millionar kroner; opp frå 340 millionar kroner i Stoltenberg 2-regjeringas forslag til statsbudsjett for 2014. Finanstilsynet er finansiert ved sektoravgifter som vert utlikna på tilsynsobjekta. Både finansnæringa og Stortinget har interesse av openheit rundt og detaljert innsyn i korleis avgiftsinntektene vert nytta, og kunnskap som gjer det mogleg å meina noko om i kva grad drifta til Finanstilsynet er kostnadseffektiv jamført med finanstilsyn det er naturleg å samanlikna med.