Skriftlig spørsmål fra Grunde Almeland (V) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:282 (2019-2020)
Innlevert: 11.11.2019
Sendt: 11.11.2019
Besvart: 15.11.2019 av klima- og miljøminister Ola Elvestuen

Grunde Almeland (V)

Spørsmål

Grunde Almeland (V): Kan statsråden stadfeste at viktige satsingar på kulturminneområdet i kommunane, slik som Murbyen Oslo, vert vidareførte for 2020?

Begrunnelse

I kapittel 1429 på statsbudsjettet, post 60, vert det satt av tilskot til kulturminnearbeid i kommunane. Blant tilskotsmottakarane har ein kvart år funne særskilte satsingar i kommunane, i tillegg til tilskota til arbeid med kulturminneplanar og kompetansemodellar som styrkjer arbeidet lokalt og regionalt. Blant desse er Murbyen Oslo, som er nemnt med namn i årets budsjettproposisjon. Sidan posten i budsjettframlegget er eit samla tilskot, vert det ikkje gitt klare føringar på om stønaden til Murbyen Oslo skal vidareførast.
Det er denne representanten si klare meining at støtta til Murbyen Oslo har vore avgjerande for eit viktig kulturminnearbeid i Oslo. Stønaden bør difor vidareførast.

Ola Elvestuen (V)

Svar

Ola Elvestuen: Riksantikvaren vil fortsatt gi tilskott til kommunar som vil lage eller rullere kommunal kulturminneplan. Det blir òg gitt tilskot til kompetansemodellar som styrkjer samarbeidet mellom fylkeskommunar, kommunar, museum, Sametinget og frivillige.
Murbyen Oslo vert vidareført for 2020, med 2 millionar kroner. Murbyen Oslo er viktig for å spreie kunnskap om korleis vi kan bevare dei eldre murgardane og setje dei i stand, ved å hjelpe bebuarane med råd om korleis dei kan vedlikehalde murgardane sine, samt ved å arbeide for å auke kunnskap om tradisjonelle materiale og metodar blant handverkarar.