Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:318 (2019-2020)
Innlevert: 15.11.2019
Sendt: 15.11.2019
Besvart: 21.11.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Det er foreslått en rekke endringer i den pågående prosessen med sentraliseringen av trafikkstasjonene til Statens vegvesen. Kan statsråden gi en samlet oversikt over hvilke endringer som er foreslått for de forskjellige trafikkstasjonene i landet?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Regjeringa legg til rette for gode tenester over heile landet. Dette er også bakgrunnen for at endringar no vert foreslått av Statens vegvesen. Vegvesenet arbeider systematisk for å digitalisere stadig fleire tenester, dette bidreg til ei stor desentralisering gjennom at offentlege etatar vert flytta heilt heim i stova til folk. Det er betre for den einskilde og ressursbesparande for staten. Dette er også grunnlaget for at Stortinget har sett klare forventningar til effektivisering av Statens vegvesen gjennom NTP.
Statens vegvesen tilbyr i dag brukaretterspurde tenester på 81 stader. I revidert forslag til ny tenesteleveransemodell og – struktur er tilbodet foreslått redusert til 78 lokasjonar fordelt på trafikkstasjon, servicekontor, sambruksstasjon og oppmøtestad. I dette ligg forslag om å leggje ned fem tenestestader, samt å opprette to nye sambruksstasjonar. Statens vegvesen har i forslaget lagt vekt på å oppretthalde fleire av dagens lokasjonar for dei tenestane som krev oppmøte og har eit høgt brukarvolum.
Utgangspunktet for tilleggsvurderinga er at regjeringa er oppteken av å sikre gode tenester i heile landet. Vi vil no vurdere rapporten og vil sjå nøye på forslaga før vi tek ei avgjerd. Eg vil minne om at dette berre er forslag til endringar og eit forslag til korleis tenestene vil kunne sjå ut i 2024. Fram mot 2024 vil ytterligare tenester digitaliserast.
Statens vegvesen har utforma ein detaljert oversikt over endringane som er foreslått for dei ulike trafikkstasjonane i vedlegg 2 til rapporten. Eg oppmodar representanten til å sjå hen til oversikten for meir informasjon, via lenka under. Det blei dessverre avdekka enkelte feil i rapporten som ble sendt til Samferdselsdepartementet 6. november. No er heile rapporten kvalitetssikra og publisert på ny på Statens vegvesen sine heimesider:
https://www.vegvesen.no/om+statens+vegvesen/presse/nyheter/nasjonalt/endringer-i-forslag-for-framtidig-tjenestestruktur