Skriftlig spørsmål fra Arne Nævra (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:382 (2019-2020)
Innlevert: 23.11.2019
Sendt: 25.11.2019
Besvart: 29.11.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Arne Nævra (SV)

Spørsmål

Arne Nævra (SV):
Fri Fagbevegelse tok den 19.11.19 opp en beklagelig sak der et ambulansefly ikke fikk landet på Kjevik flyplass pga. manglende beredskapsvakt. De tillitsvalgte i brann- og redningstjenesten, frykter at det som nylig skjedde på Kjevik, som er den første store flyplassen som har mistet hjemmeavtalen, snart kan skje andre steder også. Mange frykter at innsparingene på dette feltet i Avinor kan ende med at liv går tapt.
Hva vil statsråden gjøre for at ambulansefly blir sikret landing også om natten?

Begrunnelse

Det vises til dette oppslaget i Fri fagbevegelse (som også kom i Dagsavisen 22.11.19): https://frifagbevegelse.no/ntlmagasinet/siv-skjonte-ingenting-da-ambulanseflyet-snudde-uten-a-ta-med-pasienten-6.158.657229.97389e6a6a

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Innleiingsvis vil eg vil vise til at eg fekk eit tilsvarande spørsmål frå representanten Mosleth (spørsmål 80), som eg svarte på den 18. oktober i år.
Avinor har for ein periode testa ut ei tilkallingsordning på Kristiansand lufthamn i staden for ei fast heimevaktordning. I hendinga som det er vist til i spørsmålet, klarte ikkje Avinor å følgje opp sine eigne prosedyrar. Dette er noko Avinor har sagt seg lei for. Frå midnatt tysdag 15. oktober har Avinor, som ein del av vinterberedskapen igjen innført heimevaktordninga utanfor den ordinære opningstida på Kristiansand lufthamn.
Hendinga ved Kristiansand lufthamn blir no evaluert av Avinor og dei involverte aktørane i helsevesenet. Avinor opplyser at resultata av denne evalueringa vil bli lagde til grunn for den framtidige beredskapsordninga ved Kristiansand lufthamn.
Eg vil vise til at det å halde lufthamner opne for ambulansefly og ambulansehelikopter utanfor den ordinære opningstida, er ein del av dei samfunnspålagde oppgåvene til Avinor, jf. Meld. St. 30 (2016–2017) og Innst. 430 S (2016–2017). Dette er noko eg også følgjer opp i eigardialogen med selskapet.
Avslutningsvis vil eg vise til Meld. St. 8 (2019–2020) Statens direkte eierskap i selskaper. I meldinga er Avinor klassifisert som eit kategori 3-selskap. Statens mål som eigar av Avinor er ei kostnadseffektiv og sikker drift av dei statlege lufthamnene og den statlege flysikringsverksemda.