Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:452 (2019-2020) Innlevert: 02.12.2019 Sendt: 02.12.2019 Rette vedkommende: Samferdselsministeren Besvart: 09.12.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Geir Pollestad (Sp): Hvilke muligheter har norske kommuner til å regulere omfanget av cruiseturisme for eksempel ved å sette makstak på antall anløp?
Jon Georg Dale: Kommunane har innanfor både den gjeldande og den nye havne- og farvannsloven store mogelegheiter til å regulere omfanget av cruiseanløp.Sjølv om hovudregelen er at eigaren av hamna er plikta til å ta imot fartøy, er det fleire unntak frå denne regelen som inneber at hamneeigarane har eit stort handlingsrom.Eit unntak er at plikta til å ta imot fartøy berre gjeld "så langt kapasiteten i havnen tilsier det" jf. havne- og farvannsloven § 27. Det er ikkje berre fysiske plassforhold i hamna som kan gi grunnlag for avvising av fartøy. Dersom hamna har innretta hamneverksemda gjennom bemanning eller liknande, slik at den berre kan ta imot cruiseskip med eit avgrensa tal på passasjerar, vil dette være innanfor kva som meinast med omtalen "så langt kapasiteten i havnen tilsier det". Hamneeigaren kan dermed setje eit maksimalt tak på kor mange cruisepassasjerar og cruisefartøy som kan komme til hamna kvar dag. Dette krev at hamna faktisk har innretta hamneverksemda til ei slik ønska verksemd.Havne og farvannsloven gjeld i havnas virkeområde, og avvisning av skip kan ikkje grunngiast med at talet på passasjerar som kjem til hamna vil føre til for stor belastning for kommunen generelt.