Skriftlig spørsmål fra Siv Mossleth (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:640 (2019-2020)
Innlevert: 04.01.2020
Sendt: 06.01.2020
Besvart: 17.01.2020 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Siv Mossleth (Sp)

Spørsmål

Siv Mossleth (Sp): Nordland topper den dystre statistikken over hvor mange som omkom i trafikken i 2019. Nordland har hatt den desidert største økningen drepte, hele 16 stykker omkom i fjor. Tallene er urovekkende, og vi vet det er mange flaskehalser og strekninger som må utbedres for å oppnå bedre veier og større sikkerhet.
Hva vil statsråden gjøre for å motvirke denne negative trenden, og er det mulig i lys av situasjonen å forskuttere noen av de planlagte veiutbedringene i Nordland?

Begrunnelse

Her er noen av de viktigste planlagte statlige veiprosjektene i Nordland, og flere er ferdig til oppstart.
E6 Helgeland Sør (siste parseller ved Majavatn)
E6 Sørelva – Borkamo (Ny trasé)
E6 Ny trasé gjennom Sørfold (Tunneler og ny trasé)
E6 Ulvsvågskaret tunnel (Mørsvikbotn – Ballangen KVU)
E6 Kråkmo Sør
Prosjektet «Fra bru til bru» E6 og Rv. 80

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: at det går i riktig retning og talet på omkomne i trafikken har totalt sett gått ned med om lag 40 pst. sidan 2013. Dette er bra, men eitt dødsfall i trafikken er fortsatt eitt for mykje, og det viser at satsinga på trygge og gode vegar er rett og skal fortsette. 16 av dei omkomne i 2019 var i Nordland. Dette er ein tredobling i fylket i forhold til 2018, og følgjer etter fleire år med reduserte tal over drepne i fylket. Det er ennå for tidleg å seie om dette er ein tilfeldig auke eller ikkje. Ein må sjå ein tendens over fleire år for å kunne si at det er noko spesielt med Nordland. Alle dødsulukker i vegtrafikken blir analysert av Statens vegvesen si ulukkesanalysegruppe (UAG). Analysane gir eit svært viktig kunnskapsgrunnlag, til bruk i arbeidet med å førebygge trafikkulukker.
Ulukkene i Nordland skjer over heile vegnettet, og det er derfor viktig med ei brei tilnærming til trafikksikkerheitsarbeidet. I tillegg til drift, vedlikehald og fysiske vegutbetringar, blir det nytta store ressursar på ulike trafikant- og køyretøyretta tiltak. Det er eit stort tal på aktørar som er involvert i trafikksikkerheitsarbeidet. Det er summen av innsatsen til dei statlege, fylkeskommunale og kommunale aktørane, samt ulike interesseorganisasjonar, som skal sikre at vi når dei ambisiøse måla i trafikktryggleiksarbeidet, og at vi kan bevege oss i retning av nullvisjonen, dvs. eit transportsystem der ingen blir drepne eller hardt skadde.
Det er naudsynt å gjere tiltak på fleire strekningar på riksvegnettet, både av omsyn til trafikktryggleiken og framkomsten. Dette gjeld òg riksvegane i Nordland. Fleire av dei strekningane som representanten Mossleth nemner i grunngjevinga for spørsmålet er allereie vurdert i inneverande Nasjonal transportplan (NTP) 2018-2029. I NTP 2018-2029 er det difor prioritert fleire prosjekt som vil betre trafikktryggleika og framkomsten på desse strekningane. Eg håper at også fylkespolitikarane som har ansvar for ein stor del av vegnettet i Nordland prioriterer betre samferdsel i årene som kjem.
Eg vil vise til at dei fleste av prosjekta i NTP først er føresett prioritert i siste del av planperioden. Arbeidet med rulleringa av Nasjonal transportplan 2022-2033 er no i gang for fullt, og desse prosjekta vil bli vurdert i samband med dette arbeidet.
Eg vil også vise til det er opna ei rekke større vegprosjekt i Nordland dei siste åra. Etter 2014 er følgjande vegprosjekt opna i Nordland fylke:

2014
E10 Solbjørnneset - Hamnøy
E6 Moskenes ferjekai

2015
E10 Trældal - Leirvik (del av Hålogalandbrua)

2016
E6 Kråkmofjellet nord
E10 Trældal - Leirvik

2018
E6 Finneidstraumen bru
E6 Hålogalandsbrua

2019
E6 Helgeland nord
E6 Helgeland nord, Krokstrand-Bolna
Rv. 77 Kjernfjellet